Sveinung Nordtveit
Thue seier til Bergens Tidende at Opseths nye karriere som betalt lobbyist har skada partiet. Han trekkjer spesielt fram Opseths rolle kring Elvegata og flyplassen på Bringeland.
Veljarmagnet
Tidlegare var Opseth ein veljarmagnet. Men etter at han gjekk inn i ei ny politisk rolle med å selje tenester til dei gamle politiske venene sine i Førde, og i tillegg går inn som konsulent i den brennbare Elvegate-striden – så reagerer veljarane, meiner Thue. Norvall Nøringset i SV har vore den einaste politikaren som har tatt konfrontasjonen med Opseth, og det har han no fått betalt for i form av stemmer, seier Johs B Thue.
Lar seg ikkje svekkje
Kjell Opseth sin einaste kommentar til utspelet frå Thue er at det ikkje er første gong Thue prøver å svekkje han, og at han reknar med at Thue ikkje vil klare det denne gongen heller.