Hopp til innhold

– For fylket er opprykket optimalt

I fjor haust sa fotballkrinsen at eit kortsiktig mål må vera å få eit lag opp i førstedivisjon. Denne helga vart Kaupanger klar for det nest høgste nivået i norsk damefotball.

Kaupanger jublar for opprykk.

FOLKEFEST: Nærmare 400 tilskodarar fekk sjå Kaupanger rykka opp på laurdag.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

– For fylket er dette optimalt. Me ønskjer å bli det klart og tydelege fylkeslaget i Sogn og Fjordane, seier Kaupanger-trenar Marius Lenni Bøe.

Sist gong Kaupanger var i førstedivisjon var i 2005. Då gjekk på dei hovudet ut av divisjonen med stakkarslege seks poeng på heile sesongen.

I 2013 skal dei endå ein gong spele på det nest høgste nivået.

– Arena for dei beste

Marius Bøe

GRUNN TIL Å SMILA: Kaupanger-trenar Marius Lenni Bøe.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir ein arena for dei beste fotballspelarane i Sogn og Fjordane. Dei som er gode nok til å spela i førstedivisjon bør absolutt gå til Kaupanger framfor å gå til andre klubbar utanfor fylket, seier Bøe.

Kaupanger har historisk sett vore det klare flaggskipet på damefotballsida i fylket. I 2009 var dei åleine om å spele i andre divisjon i Sogn og Fjordane, og i 1999 spelte dei i Toppserien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger-damene

MATCHVINNAR: Vårin Ness (18, tek imot blomane) vart matchvinnar mot Urædd med sitt 2-1-mål etter 70 minutt.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Men denne sesongen har det blitt mange lokaloppgjer. Både Jølster, Førde og Høyang har vore motstandarar i divisjonen, og sjølv om Kaupanger stort sett har hatt bra kontroll på dei andre laga, har det ikkje vore nivåforskjell – offisielt.

Grøntrøyene har ikkje tapt ein einaste kamp sidan mai, og har gått gjennom sesongen med berre 17 baklengsmål på 24 kampar.

– Eit springbrett

Svein Olav Myklebust

KRINSEN: Svein Olav Myklebust i Sogn og Fjordane fotballkrins.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Kaupanger stadfestar posisjonen sin som førstelag her i fylket, og det er veldig bra at me no får utnytta dei fasilitetane som er i Sogndalsområdet, både høgskulen, Sogndal sine anlegg og det flotte anlegget her, seier Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins.

Han sa i fjor at det var eit naturleg, kortsiktig mål at fylket fekk eit lag opp att i førstedivisjon. På laurdag såg han utsegna bli sant. No håpar han at fotballtalenta kan bli verande endå litt lenger i heimfylket.

– Det å vera i førstedivisjon er eit springbrett for dei som ynskjer å koma vidare i karrieren. Kombinert med at det er ein skulestad, so er det ein fantastisk moglegheit, ikkje berre for jenter frå Sogn og Fjordane, men for jenter over alt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kaupanger-damene jublar

SJAMPANJE: Det var musserande både rett etter kampen, og sikkert på banketten om kvelden, då Åse Neraas og resten av Kaupanger kunne feire at dei neste år spelar i førstedivisjon.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Kaupanger har stanga i fleire år, og har tre strake andreplassar sidan 2009. Men i år har Bøe og assistenttrenar Knut Hauge tydelegvis gjort noko rett.

Blir meir attraktive

Bøe og resten av trenarteamet til Kaupanger seier det er for tidleg å tenkja på å henta inn forsterkningar framfor neste sesong. Men han vil kanskje få ein litt lettare jobb med å tiltrekkja seg interesse til unge talent som vil prøva seg på eit høgare nivå.

– Eg trur det er viktig for Kaupanger å få til eit samarbeid med dei klubbane i andredivisjon, der me har ei felles forståing om at Kaupanger i førstedivisjon er den beste arenaen, og kanskje me har spelarar i vår stall som treng kamptrening som kan spele i andredivisjon med dei andre laga.

– Men vil Kaupanger no støvsuga fylket for talent?

– Eg meiner at me skal vera varsame med å berre plukka inn folk. Det er mange spelarar som har gode treningsarenaer andre stader i fylket, og skal du spela for Kaupanger, so skal du vera god nok. Me hentar ikkje spelarar for at dei skal sitja på tribunen og sjå på, seier Bøe.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kaupanger-damene feirar opprykk til fyrstedivisjon like etter kampslutt mot Urædd.

Kaupanger feira opprykk laurdag (Mobilvideo: Sondre Dalaker/NRK)

Studiar og fotball

Laurdag var det folkefest på Kaupanger. Uoffisielle kjelder hevda at det var opp mot 400 tilskodarar på kampen, noko som er rundt halve bygda (om ein skal tru Wikipedia). Dei fekk sjå ein jamn kamp der heimelaget til slutt kunne jubla hemningslaust, medan Urædd-spelarane lot tårene trilla. Det er elles fjerde året på rad at Urædd ryk på målstreken.

– No får dei største talenta moglegheit til å ta steget her i fylket. Dei kan studere og spele fotball, dei må ikkje flytte ut og slite benk på eit anna lag, seier Åse Neraas (31).

Åse Neraas

SUPERVETERAN: Åse Neraas sikra opprykksdraumen i førre kvalikkamp. Laurdag var ho med å sikra comeback til førstedivisjon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho er den einaste i dagens Kaupanger-stall som var med sist gong dei var oppe i førstedivisjon for sju år sidan.

– Eg trur kanskje ikkje det har gått opp for meg endå, sa ho like etter opprykket var sikra på laurdag, seier Neraas.

– Førstedivisjon er eit bra nivå. Me møtte førstedivisjonslaget Voss 2–1 i ein treningskamp i sommar. Det er ein fysisk tøffare divisjon med høgare tempo. Ferdigheitsmessig er me fullt på høgde, men me må bli tøffare, sterkare og springa endå meir, seier Bøe

– Kor viktig er det å berga plassen?

– Det kjennest heilt vekkasta å rykka rett ned att. Det betyr alt å klare å etablere eit fylkeslag i førstedivisjon, og alle klutar må til for at det skal skje.