Hopp til innhold

Politiet kontakta aldri kommuneleiinga då kvinne (82) forsvann

– Det hadde vore naturleg å bli kontakta, seier rådmann Ole John Østenstad i Førde kommune.

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, reagerer på rapportering

UNDRANDE: Rådmann Ole John Østenstad i Førde, er undrande til at politiet ikkje tok kontakt med kommunen under leiteaksjonen i helga. – Eg hadde kontakt med kommunalsjef og einingsleiar for å koordinere arbeidet internt i kommunen, men hadde ikkje kontakt med politiet for eventuelt å koordinere noko med dei, seier Østenstad.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Rådmannen er undrande til kvifor kommunen aldri vart kontakta av lokalt eller sentralt politi, då ei 82 år gamal kvinne vart meld sakna frå eit kommunalt husvære.

Leiteaksjonen vart han kjend med gjennom nyhenda laurdag. Då hadde store styrkar søkt gjennom natta etter kvinna.

– Vi høyrde ingenting frå anna enn eige apparat, seier Ole John Østenstad.

Hadde god praksis

Leiteaksjon i Førde

IKKJE PRAKSIS: – I saknasaker som den refererte, har det ikkje vore naturleg å informera om, eller kalle inn lokal redningsleiing i Hordaland, seier Morten Ørn ved Vest Politidistrikt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dette er ei av erfaringane med operasjonssentralen i Bergen som blir tema når kommunen møter lokalt politi til politirådsmøte førstkommande måndag.

Operasjonssentralen i Bergen fekk 8. november også ansvar for Sogn og Fjordane .

– Operasjonssentralen i Florø var veldig flinke til å kontakte oss om hendingar vi som kommuneleiing og beredskapsleiing hadde behov for å vite, seier Østenstad.

– De vart ikkje for godt vande med ein lokal operasjonssentral?

– Nei, det var ein god praksis som gjorde at vi utøvde beredskapsarbeidet på ein god måte, og eg tykkjer ikkje at vi skal endre den.

Ulik terskel

Morten Ørn ved Vest politidistrikt

VARSLAR IKKJE: Morten Ørn ved Vest politidistrikt seier politiet i Hordaland ikkje har hatt praksis for å varsle kommunal kriseleiing ved søk etter einskildpersonar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Leiar for felles eining for operativ teneste ved Vest politidistrikt, Morten Ørn, seier politiet før samanslåinga av operasjonssentralane hadde ulik terskel for å informere og kalle inn redningsleiinga.

Politiet er i ferd med å etablere ei felles redningsleiing.

– I saknasaker som den refererte, har det ikkje vore naturleg å informere om, eller kalle inn lokal redningsleiing i Hordaland. Til det er omfanget for typen hendingar for stort og behovet for strategisk leiing for lite, seier Ørn.

Varslar ikkje kriseleiinga

– Vi har ikkje praksis for å informere kommunal kriseleiing ved søk etter einskildpersonar. Vi har heller ikkje opplevd at det har vore etterspurt. Dersom den sakna er underlagd kommunale tenester er det vanleg at kommunen vert varsla gjennom eigne linjer, seier Ørn.

Østenstad meiner god kontakt mellom beredskapsleiinga og politiet er viktig. Dette fordi kommunen kan stille meir ressursar og starte beredskapsorganisasjonen.

– Vi kunne sjølvsagt teke kontakt med politiet, men vi vil nødig legge oss bort i arbeidet deira, seier rådmannen.

Vil ha lik standard

Ifølgje Firda og Sogn Avis har nattugler og media opplevd å ikkje få kontakt med politiet etter omlegginga. I løpet av tre veker med felles operasjonssentral har politiet ei rekkje gonger kontakta ettersøksjegerar i feil kommune ved hjortepåkøyrslar .

– Vi opplever at samspelet med de offentlege tenestene i akuttfasen går bra og at dei som bur i distriktet får gode tenester frå naudetatane. Så må dei meir administrative utfordringane innanfor dei offentlege tenestene få tid til å utvikle seg, seier Ørn og avsluttar:

– Det er viktig at samspelet mellom dei offentlege etatane vert etablert på ein standard som er noko lik for Sogn og Fjordane og dei samanliknbare kommunane i Hordaland.