Hopp til innhold

Årdal brettar opp ermene

Trass i store tap av arbeidsplassar, har omstillingsprosessane i Årdal ikkje vore mislukka. Det meiner ordførar Arild Ingar Lægreid.

Arild Ingar Lægreid
Foto: Siren Svortevik

Hydro har i løpet av dei siste åra fjerna rundt 400 arbeidsplassar, samstundes har ein slite med å skape nye verksemder.

Dørfabrikken Dooria gjekk konkurs, og NorSun-fabrikken slit med å tene pengar.

– Ikkje mislukka

Likevel meiner ikkje Lægreid at omstillingsprossen har vore mislukka.

– Det vil eg ikkje seie. Vi har jo NorSun med over 200 tilsette, som er ei spennande bedrift som vi fekk på plass, seier ordføraren.

Onsdag kom beskjeden om at Hydro kuttar 53 arbeidsplassar i Årdal. Dermed har Hydro fjerna nesten 400 arbeidsplassar i bygda på få år. I tillegg gjekk 32 arbeidsplassar tapt då Dooria stengde dørene i fjor.

Brettar opp ermene

Men Lægreid nektar å gi opp, og set si lit til at ei ny omstilling vil vere med på å skaffe arbeid.

– Difor set vi no i gang eit konkret prosjekt som vi prøver å få forankra i kommunestyret den 13. september. Og så får vi brette opp ermene og stå på, seier han.

Ordføraren trur ikkje at folk kjem til å flytte frå bygda på grunn av at arbeidsplassane forsvinn.

– Nei, det får eg ikkje håpe. Det er klart at vi er inne i noko som skjer i heile Europa no. Vi er i eksportretta industri og det råkar også oss, så dette er tøffe tider for mange, seier Lægreid.