Hopp til innhold

– Om eit bygg er sprinkla, sløkkjer vi ofte brannen med ein gong

Kvart år forsvinn uerstattelege kulturskattar og historiske bygningar i brann. Brannmannskap meiner sprinkelanlegg kunne ha redda dei fleste, men det finst ikkje krav om å ha slikt.

Stedjetunet i Sogndal

TOTALSKADD: Det historiske Stedjetunet brann heilt opp i storbrannen i Sogndal i helga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Om eit bygg er sprinkla, så sløkkjer vi ofte brannen med ein gong. Erfaringane syner at eit sprinkelanlegg gjer at situasjonen løyser seg nesten umiddelbart, seier Elmer Sjøvoll, som er fagsjef i Sogn Brann og Redning.

Søndag kveld brann det historiske bygget Stedjetunet i Sogndal. Bygget er frå byrjinga av 1900-talet, og har vore både hotell, gamleheim og barnehage. Brannmannskapet jobba på spreng heile natta, men bygget stod ikkje til å redde.

– Bygget er totalskadd, og må rivast. Hadde det vore eit sprinkla bygg, kunne det nok vore redda, seier Sjøvoll, som leia brannarbeidet.

Eit sprinkelanlegg spyler automatisk ut vatn på flammane når det byrjar å brenne. Det kostar mellom 300 og 400 kroner per kvadratmeter å installere eit slikt anlegg.

Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning

KUNNE VORE REDDA: Elmer Sjøvoll i Sogn Brann og Redning trur Stedjetunet kunne ha vore redda dersom det hadde vore sprinkelanlegg i bygget.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Kommunane må vere meir på hogget

Ola Fjeldheim er generalsekretær i Fortidsminneforeningen, og han tykkjer langt fleire enn i dag burde installere sprinkelanlegg i gamle og historiske bygg.

– Her burde mellom anna kommunane vere meir på hogget. Både med deira eigne bygningar, og med å hjelpe private med å få på plass betre brannsikring.

Nokre heilt spesielle bygg har fått krav om å installere sprinkelanlegg, det gjeld til dømes det freda trehusområdet frå 1700-talet på Lærdalsøyri. Då er det stort sett tale om bygg der det til dømes er stor fare for brannspreiing, og sprinkelanlegg blir difor ført opp for å verne liv og helse.

– Det er ganske få bygg som er sikra med sprinkelanlegg

Stedjetunet er eit verna kulturminne, men har ikkje anna brannsikring enn ein brannvarslar som er kopla opp til alarmsentralen. Slik er det med svært mange verna bygningar.

Harald Ibenholt

KUNNE ØNSKT SEG BETRE VERN: Riksantikvaren, her ved seksjonssjef Harald ibenholt, kunne gjerne ha ønskt seg at fleire eigarar installerte sprinkelanlegg på bygga sine.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Faktisk er dei færraste verna bygningar utstyrt med sprinkelanlegg. Det er eigar av eit bygg som må gjere det, og om dei plassane det ikkje blir stilt krav om det, skjer det svært sjeldan, seier seksjonssjef hos Riksantikvaren, Harald Ibenholt.

Riksantikvaren kunne også tenkt seg fleire sprinkelanlegg, men ser at det kanskje er andre tiltak som er meir realistiske på kort sikt.

– Mykje kan gjerast ved at folk har eit fokus på branntryggleik. Til dømes veit vi at veldig mange brannar startar på grunn av tekniske feil på elektriske anlegg, seier Ibenholt.