NRK Meny
Normal

– Oljenæringa er blitt ein solnedgangsindustri

Oljenæringa er blitt ein solnedgangsindustri – no må det satsast på dei grøne arbeidsplassane. Det meiner venstrepolitikar Alfred Bjørlo, som har leia Venstre sitt arbeid med ny politikk for grøn vekst og næringsutvikling.

Alfred Bjørlo

GRØNE ARBEIDSPLASSAR: venstrepolitikar Alfred Bjørlo meiner Sogn og Fjordane kan tene på at olje blir fasa ut med fornybar energi.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Som politikarar er det vårt ansvar å hjelpe fram og arbeide med dei nye satsingane og dei nye bransjane. Det er der vi som politikarar må sette inn hovudstøyten og då er det nye grøne næringslivet det vi må bruke tid og energi på.

Alfred Bjørlo leia Venstre sitt arbeid med ein ny politikk for grøn vekst og næringsutvikling fram mot landsmøtet no i vår.

Fornybar energi

Der teikna partiet eit bilete av ei oljenæring som på sikt vil bli utfasa. Men Bjørlo meiner det opnar for nye moglegheiter for Sogn og Fjordane som alt i dag er storprodusent av fornybar energi.

– Dette betyr ei storsatsing på næringar der vi har spesielt gode føresetnader for vekst, eg tenker då på fornybar energibransjen i seg sjølv, på fiskeri og havbruk, på skog og landbruk og på nye grøne næringar som grøne datasenter, grøn byggnæring til dømes.

I bakleksa

Bjørlo meiner Sogn og Fjordane vil hamne i bakleksa om ein ikkje satsar for fullt på det grøne skiftet.

Han meiner fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Ap opptrer saktmodig når ho framleis prioriterer å vere på oljemesser i inn og utland framfor å snakke mest mogleg med fornybarbransjen.

– Vi må i alle næringspolitiske verkemiddel sette fornybarbransjen, grønt næringsliv først, rette verkemiddel inn mot det. Så tenker eg og at det handlar om tidsbruk og fokus hjå sentrale politikarar.

For sneversynt

Åshild Kjelsnes har sidan ho vart fylkesordførar mellom anna vore tre gonger på oljemessa i Houston i USA som er verdas største, og fleire gonger på oljemessa i Stavanger. Det meiner Kjelsnes er ei rett prioritering og skuldar Bjørlo for å vere sneversynt.

Åshild Kjelsnes

MÅ FRAMLEIS SATSE PÅ OLJEINDUSTRIEN: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg tykkjer det er litt nedslåande å høyre at ein framståande venstrepolitikar er så sneversynt, og eg reiser ikkje rundt verken på messer eller konferansar for moro skuld. Eg gjer det for å fremje Sogn og Fjordane sine interesser, for å vere oppdatert på kva som rører seg, og sjølvsagt gjeld det også fornybar energi og det grøne skiftet.

Ja, for kva har du gjort der?

– Mellom anna så er eg invitert til Zero-konferansen i september om korleis fylkeskommunen arbeider med klimaspørsmål og kva vi har gjort. Det reknar eg med er fordi ein har lagt merke til at vi gjer noko fornuftig.

Utopi

– Å kalle oljenæringa ei solnedgangsnæring er svært skadeleg. Det blir det same som ein sa om aluminiumsindustrien for nokre år sidan, då var det ein solnedgangsindustri. Ein snakkar ned ei stor næring som har bruk for kompetanse, som har bruk for ungdom i eit heilt yrkesliv framover. Å tru at vi skal kunne slå av det fossile i dag, og hoppe rett over på det grøne skiftet er ein utopi

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen