Hopp til innhold

– Odd må få lov til å ytre seg utan å bli syndebukk

Ap-leiar Hilmar Høl reagerer på at fylkesordføraren gjer Leikanger-ordførar til syndebukk for kanskje å miste arbeidsplassar, berre fordi at han ytrar seg.

Frank Willy Djuvik og Hilmar Høl

REAGERER: Ap-leiar Hilmar Høl.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) åtvara fredag Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd mot å protestere for mykje på tvangssamanslåinga av Balestrand, Leikanger og Sogndal fordi det kan spolera sjansen for å få behalda Fylkesmannen.

– Eg er bekymra, fordi det er dei same politikarane som skal vedta den nye kommune- og regionstrukturen, som skal plassera fylkesmannsembeta og flytta ut statlege arbeidsplassar. Då kan ein ikkje vera så kompromisslaus at ein spelar frå seg sjansen til å få leiinga for fylkesmannsembetet, sa Følling.

Det tykkjer Ap-leiar Hilmar Høl er søkt.

– Vi må ikkje blanda korta. Regionreforma er ei sak. Det som no skjer med kommunetvang er ei anna. Jon Håkon Odd må få lov til å ytra seg. Det er hans fordømte plikt som ordførar å bera fram kommunen og folket sine synspunkt, seier Høl.

Standpunkt

– Går ikkje Odd for langt i media?

– Han har stått for eit standpunkt og gjort jobben som skal gjerast. Då er det spesielt at ein Senterparti-fylkesordførar prøver å pressa ordføraren til å ikkje sette seg opp mot tvang, mot truslar om at offentlege arbeidsplassar i Leikanger då kan forsvinne.

– Intensjonsavtalen med Hordaland er utgangspunktet vi har. Då blir det feil å legge tunge lodd i lomma på Leikanger-ordføraren om at vi kan miste Fylkesmannen på Leikanger, når det ligg i avtalen at vi skal ha det.

– Leiar av kommunalkomiteen, Helge Andre Njåstad (Frp), støtta Følling. Har ho ikkje eit poeng?

–Jo, men alle må få ha meiningar og synsa om kva som skjer. Som fylkespartileiar er det mi plikt å verne om partiet sine medlemmar og folkevalde. Både han og dei to andre ordførarane i kommunane det gjeld, har rett til å bli lytta til.

– Eg tykkjer det er søkt å bruke ordføraren som syndebukk i ein situasjon som skal avgjerast i Stortinget i juni, seier Høl.

Ikkje samd

Fylkesordførar Jenny Følling minner om at det er stortingspolitikarane som bestemmer kvar Fylkesmannen til slutt skal sitte.

Jenny Følling

IKKJE SAMD: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er korrekt at vi intensjonsplanen med Hordaland er blitt samde om at leiinga for Fylkesmannsembetet skal leggast til Leikanger.

– Men det er jo slik at det ikkje er Fylkeskommunen som avgjer det. Det er det departementet som gjer, og som våre stortingspolitikarar må stå for.

– Difor må vi stå samla bak dette, seier Følling.