NRK Meny
Normal

– Nynorsk provoserer mindre enn før

FØRDE (NRK): Bruk av nynorsk har blitt meir akseptert, meiner leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Steven van Zandt

POPULÆRE LUER: Steven van Zandt er musikar for Bruce Springsteen. Han var også hovudpersonen i den norske serien Lilyhammer. Etter å ha hatt på seg denne lua i serien gjekk salet rett til vêrs.

Foto: RUBICON

– Eg trur trenden har snudd. Vi lever i eit pluralistisk samfunn som er ope for individualisme. Når vi ser mange kulturar rundt oss vert vi meir bevisst på vår eigen. Heldigvis lever vi i ein kultur som er open for andre, seier Magne Aasbrenn.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

Magne Aasbrenn, leiar for Noregs Mållag.

Foto: Noregs Mållag

Han legg til at folk har vorte meir vande med nynorsk, både frå fjernsyn, sosiale medium og i samband med reklame. Dermed kan det sjå ut som at nynorsk provoserar mindre enn før.

– Folk har blitt meir interesserte i det lokale og i identitet. Til dømes reklamerer lokale produkt ofte på nynorsk. Eg trur det gir meir truverd. I masseglobaliseringa vert det lokale styrka, seier Magne Aasbrenn.

Reklame på nynorsk

Richard Grov er direktør på hotell Alexandra i Loen. Han kan ikkje hugse å ha nytta anna målform enn nynorsk.

Hotelldirektør ved Alexandra

Richard Grov, hotelldirektør ved Alexandra Hotell i Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det har med identitet og tilhøyrsle å gjere. Om vi skal nytte nynorsk har aldri vore eit spørsmål for oss, seier Grov.

Han har ikkje opplevd noko negativt ved å nytte nynorsk.

– Nei, eg har berre opplevd det som positivt og målforma fungerer aldeles utmerka. Det å bruke nynorsk handlar om korleis vi ønsker å uttrykke oss.

I love NYnorsk

SPELAR PÅ DET NORSKE: Leiaren i Noregs Mållag meiner at i tråd med globaliseringa vert folk meir interessert i det lokale og identitet. Biletet er lånt med løyve frå Studentmållaget i Bergen.

Foto: SmiB

Debatt om Vestlandsregionen

– Eg trur debatten rundt Vestlandsregionen også har ført til styrka nynorsk i kjerneområda. Eg trur folk skjønar at vestlendingane ser på målforma som ein del av identiteten sin, seier Magne Aasbrenn.

– Det tek litt tid å venne seg til at nynorsk også har noko med dialektene andre stadar i landet å gjere. Men vi ser ei generell styrking. Skuldrene er ikkje så høge mot nynorsken lenger, ikkje ein gong i avisa VG.

Han har opna for (litt) nynorsk i VG - NRK Sogn og Fjordane - Lokale nyheter, TV og radio

Den nynorske kunstnaren

Oddvar Torsheim har blant anna omsett songane til The Beatles til nynorsk.

Oddvar Torsheim

Kunstnaren Oddvar Torsheim.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Oslo-folk likar då nynorsk. Eg får ofte høyre at eg har ei hyggeleg dialekt. Eg trur austlendingar ser oss litt som bondetampar òg, men det treng ikkje å vere negativt, seier Torsheim.

Han meiner nynorsken ikkje vil forsvinne.

– Eg har forståing for dei som må putle med dette på skulen og ikkje får det heilt til. Men for meg er nynorsken i blodomløpet. Eg har aldri høyrt etter om nokon ikkje likar dialekta mi. Eg er nynorsking!

Framleis kritiske røyster

Noregs Mållag får framleis kritiske innspel, fortel Magne Aasbrenn.

– Vi har nokre jamne, stødige folk som kommenterer negativt. Eg vert mest litt kjend med dei. Når eg ikkje har høyrt noko på lenge, lurar eg nesten litt på kvar dei er.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.