– Nynorsk eit demokratisk overgrep i nye Vestland

Trass i at dei fleste i nye Vestland fylke skriv på bokmål, blir administrasjonsspråket nynorsk.

Steinar Øksengård

PROVOSERT: Leiar i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård, meiner det er heilt feil at nynorsk blir administrasjonsspråk i nye Vestland fylke.

Foto: Privat

Leiar i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård, kastar seg inn i kampen for at nye Vestland fylke anten må vere språknøytralt eller at det skal nyttast bokmål som administrasjonsspråk.

– Bokmålsbrukarane på Vestlandet blir utsette for eit demokratisk overgrep som vi ikkje kan leve med. Det heile er veldig urimeleg, seier han.

Administrasjonsspråket er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon.

Offentleg statistikk viser at om lag 30 prosent av elevane i vidaregåande skule i Vestland brukar nynorsk. 38 prosent av innbyggarane har bede om å få skattemeldinga på nynorsk. I grunnskulen er det om lag like mange som nyttar nynorsk som bokmål.

– Politikarane er vanlegvis opptekne av demokratiske prinsipp, der talet mandat blir rekna ut med millimeterpresisjon i høve talet på røyster. Dei bør vere like opptekne av demokratiske prinsipp når det gjeld språkform, seier han.

Øksengård oppmodar dei som er valde inn i det nye fylkestinget i Vestland til å oppheve nynorsk-vedtaket når det kjem saman på nyåret.

Avviser kritikk

Den påtroppande fylkesordføraren i nye Vestland, Jon Askeland (Sp), avviser kravet frå Bokmålsforbundet.

– Det at nynorsk skal vere administrasjonsspråket er forankra i intensjonsplanen for nye Vestland fylke. Dette er noko fylkestinget stiller seg fullt og heilt bak, seier han.

Jon Askeland

AVVISER KRAV: Påtroppande fylkesordførar, Jon Askeland (Sp) meiner det er heilt naturleg at nynorsk blir administrasjonsspråk i nye Vestland fylke.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Askeland påpeikar at nynorsk er ein viktig del av plattforma til Vestland fylke.

– Nynorsken er ein viktig del av identiteten vår, seier han.

– Eit fleirtal av innbyggarane i nye Vestland har bokmål som hovudmål. Har ikkje Øksengård slik sett eit poeng når han krev at nynorsk-vedtaket blir oppheva?

– Vestlandet er kjerneområdet for nynorsken og ein smeltedigel i møtet mellom bokmål og nynorsk. Dei ulike dialektane og nynorsken viser identiteten vår. Dette skal vi dyrke positivt, seier han.

– Bokmålsforbundet meiner bokmålsfolk blir utsette for eit demokratisk overgrep. Kva seier du?

– Det kan eg ikkje sjå. Eg opplever at folk flest har vore mykje rausare med kvarandre i språkdebatten. Det trur eg vil vere trenden også framover, seier han.

Meiner nynorsk er naturleg i Vestland

Seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, finn ingen grunn til å kritisere at nynorsk blir administrasjonsspråk i Vestland fylke.

– Både Hordaland og Sogn og Fjordane fylke har nynorsk målvedtak i dag. Dersom fylkestinget i nye Vestland vedtek nynorsk som administrasjonsspråk, så er det ei heilt naturleg og ikkje urimeleg vidareføring av dagens ordning, seier ho. Kvarenes påpeikar også at eit overveldande fleirtal av kommunane i Vestland har nynorsk målvedtak.

Seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet

VIL VERNE OM NYNORSKEN: Seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, fryktar det vil gå dårleg med nynorsken dersom ikkje det offentlege tek eit spesielt ansvar for nynorsken i deira kjerneområde.

Foto: Moment Studio

– Vestlandet er kjerneområdet for nynorsk og det er heilt naturleg at det offentlege tek eit ansvar for nynorsken i dette området, seier Kvarenes.

– Kva kommentar har du til at Bokmålsforbundet som viser til at nynorsk-vedtaket i Vestland er urettferdig og udemokratisk?

– Det vil gå dårleg med nynorsken dersom ikkje det offentlege tek eit spesielt ansvar for nynorsken i deira kjerneområde. Bokmålsbrukarane klarer seg. I møtet med det offentlege har bokmålsbrukarane dei same rettane til å bli møtt på si eiga målform som nynorskbrukarane har, seier Kvarenes.