NRK Meny
Normal

– NTP-seigpininga er ikkje bra for helsa

Regjeringa reiser landet rundt og serverer godbitar frå Nasjonal transportplan. Det er høgst problematisk, kritiserer ordførarar som ikkje får vita om vegen deira får pengar.

Olav Turvoll

MIN VEG MED? Ordførar Olav Turvoll i Vik forventar at Regjeringa held valløfta om snarleg bygging av tunnel gjennom det hyppig vinterstengde Vikafjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Du blir gåande som på nåler, seier ordførar Olav Turvoll (Sp) i Vik i Sogn og Fjordane.

Turvoll er éin av mange ordførarar i landet som går i heilspenn om dagen, fordi dei lurer på om nettopp deira veg er med i Nasjonal transportplan (NTP).

Vidar Eltun

«SEIGPINING»: Ordførar Vidar Eltun i Vang

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Det er ei seigpining. I staden for å leggja fram ein samla transportplan tek Regjeringa ut bit for bit utan at me får heilskapen, seier ordførar Vidar Eltun (Ap) i Vang i Oppland.

Denne veka har Regjeringa servert godbitane frå NTP i fylke etter fylke, som:

Mange ordførarar meiner desse bevisste dryppa frå transportplanen er høgst problematiske.

Erna Solberg

NTP-DRYPP PÅ OSLO S: Statsminister Erna Solberg og Regjeringa får kritikk for å driva seigpining når dei slepper Nasjonal transportplan bit for bit.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Redd for rassikring og fylkesvegar

– Det betenkelege er at me ikkje får heile biletet: Kor stor er til dømes rassikringspotten? Kva får fylkesvegprogrammet, som skal ta att forfallet og etterslepet på fylkesvegane, som utgjer 80 prosent av vegnettet vårt, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Fylkesordføraren er redd Regjeringa skal ta pengane frå rassikring av distriktsvegar og opprusting av fylkesvegane og heller bruka dei på dei store samferdslegåvene som Regjeringa reiser landet rundt og deler ut.

Jenny Følling

«BETENKELEG»: Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane gler seg på vegner av dei som får milliarddryss, men krev at heile NTP blir lagt fram no for å kunna sjå heilskapen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ein del av valkampen til Frp, Høgre, KrF og Venstre. Me forstår jo det, men det blir merkeleg når me ikkje får vita kvar dei vil ta pengane frå og kva prosjekt som blir prioriterte, seier Vang-ordførar Eltun, som kjempar for å få fullført opprustinga av E16 over Filefjellet.

– Fantastisk satsing

I Nasjonal transportplan, som Stortinget skal vedta i juni, står det kva vegar, flyplassar og jernbaner som skal byggjast dei neste tolv åra. Regjeringa er samde med Vestre og KrF om hovudtrekka, men til ordførarane som skuldar regjeringa for seigpining, svarar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) slik:

– Me skal leggja fram NTP før påske. Dette er ei fantastisk stor satsing, og når me er blitt samde om noko, er det ei god tid å fortelja folk om det, slik at dei veit kva som kjem.

Vegkamp i 50 år

I Vik har folket kjempa for ein trygg tunnel gjennom det verutsette og hyppig vinterstengde Vikafjellet i over femti år. Ein tunnel kortar ned reisevegen frå Sogn til Bergen og vil knyta ein ny vestlandsregion tettare saman.

Sikta på Vikafjellet

VÊRHARDT: Riksveg 13 over Vikafjellet er hyppig stengd av uver om vinteren. Det har sett beredskapen i sognekommunen på prøve denne vinteren.

Foto: Eirik Stadheim

Ordførar Turvoll forventar at Høgre, Frp og KrF held det dei lova i valkampen i 2013: ein rask byggjestart.

Og han er ikkje den einaste ordføraren i landet som vil sjå heilskapen, og ikkje berre planlagde regjeringslekkasjar:

– Eg reknar med at dei har det akkurat på same måten som meg. Det er iallfall ikkje bra for helsa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser