Hopp til innhold

– Norske damer har 8. mars kvar dag

FØRDE (NRK): I Norge er kvinnedagen for mange ei politisk markering. For russarar er dagen ein viktig festdag til ære for kvinnene.

For Natalia Korchagina og Svetlana Håland er 8. mars ein dag ulik alle andre.

GENTLEMEN: Natalia Korchagina frå Ukraina og Svetlana Håland frå Russland synest det er bra med likestilling i Noreg, men meiner norske menn kunne vore litt meir gentlemen. – Eg blir glad om menn opnar døra for meg, seier Håland.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Viss kvinner ikkje får blomster eller gløymer å gratulerer dama si med 8. mars, så er det ei ganske stor forbryting. Det vil bli hugsa i mange år. Å ikkje vise merksemd er ein av dei verste ting ein kan gjere mot kvinner, seier Svetlana Håland frå Russland og Natalia Korchagina frå Ukraina.

Sjukepleiar Svetlana Håland kom til Noreg frå Russland for 14 år sidan. Både ho og venninna får blomar frå mennene sine på kvinnedagen. For dei er det tradisjonar som er knytt til 8. mars.

– Mannen min har lyst at eg skal ha det like godt her som i Russland. Han kjøper kake, og den kaka han likar best, slik at alle skal ha det bra, seier Håland lattermildt.

Ulike tradisjonar

I Noreg er dagen først og fremst knytt til likestilling og kvinnekamp. Mange samlar seg på 8. mars arrangement eller går i tog med slagord som «Opp med kvinnelønna no» og «Nei til kommersialisering av kvinnekroppen».

- Det verkar som menn i Noreg passar meir på damene sine i kvardagen enn i Russland og Ukraina. Norske damer har 8. mars kvar dag, meiner dei to.

I Russland og Ukraina har 8. mars også vore ein slags morsdag, sidan ei slik feiring ikkje har ein eigen dag der. Borna teiknar eller kjøper kort til mor og bestemor, og kjem gjerne med kake. Dagen skil seg også frå dei andre dagane i året på ein annan måte. For i tillegg til blomar var og er gutane gjerne ekstra omsorgsfulle den dagen.

– Den dagen er det mannen som skal gjere husarbeid, lage mat og rydde hus. Det er litt surt at det berre er ein gong i året då, seier dei.