- Vi har behov for å meine på vegne av oss i Sogn at det virkar for oss noko meiningslaust at her skal Helse Førde ha råd til å ha eit nærsjukehustilbod i Florø til ein ganske høg pris, som kan gå på bekostning av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane, seier Aarethun.
Likar dårleg
I går la ei arbeidsgruppe i Helse Førde fram ein innsparingspakke som betyr fjerning av mellom anna kirurgisk avdeling i Lærdal og store kutt i akuttberedskapen i Nordfjord. Berre i den mest drastiske kuttmodellen føreslår arbeidsgruppa å skjere ned i det planlagde nærsjukehuset i Florø, som etter planen skulle ha starta opp 1. september. Dette likar leiar i Sogn regionråd, Knut O. Aarethun, dårleg.
Aarethun er ordførar i Lærdal og leiar i Sogn Regionråd. Men han har også lang fartstid som fylkespolitikar for Arbeidarpartiet, også som fylkesordførar, i den tida det var fylkeskommunen som styrte med sjukehusa. Og han er ikkje kjend for å trø varsamt i kontroversielle saker.
Set spørsmålsteikn ved Sunnfjord
- Viss ein her skal spara pengar som ein visstnok skal, så er det klart at vi må få lov til å setje spørsmålsteikn ved å ha to tilbod på sikt i sunnfjordregionen kontra, på sikt, null i sogneregionen.
- Men er det konstruktivt av deg å byggje opp til ein ny fogderistrid?
- Eg har sagt at det er behov for å ha eit tilbod også for innbyggjarane i Sunnfjord, som det er for innbyggjarane i Sogn og i Nordfjord, det er det eg snakkar om.
- Men det du meiner er at å ha eit sterkt sentralsjukehus er nok for innbyggjarane i Sunnfjord?
- Det er det eg meiner ja, svarar Aarethun, som er tydeleg irritert over spørsmålsstillinga.
Tor Bremer (Ap) refsar partikollegaen i Lærdal. (Foto: NRK)
Får ikkje Ap-støtte
Men Knut O. Aarethun får ikkje støtte for synet sitt hos partifelle og fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Tor Bremer. Han gir Aarethun kraftig korreks og åtvarar mot ny fogderistrid.
- Eg trur det er lite konstruktivt at vi flyg i strupen på kvarandre her internt i fylket. Eg trur vi no skal rette fokus mot dei som har det formelle ansvaret her, nemleg helseministeren og Stortinget. Det er dei som no må sørgje for å få debatten inn på rett kurs, seier Bremer.
Likar ikkje utspelet
Harald Lindvik likar ikkje utspelet frå Knut O. Aarethun. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Administrasjonssjef ved sjukehuset i Florø og fylkespolitikar for Venstre, Harald Lindvik, ønskjer heller ikkje ein ny fogderistrid, og likar ikkje utspelet frå Knut Aarethun:
- Dette syns eg han skal stogge jo før jo heller!
Lindvik meiner det aller viktigast no er at fylket står samla.
- Det vi ser no er at vi får ei utarming av helsetilbodet vårt. Fleire og fleire pasientar reiser ut av fylket, og dette svekkjer ikkje berre dei lokale sjukehusa, men også sentralsjukehuset vårt. Så derfor syns eg dette er eit utspel som han skulle la ligge, seier Lindvik som ei klår åtvaring til Aarethun.
Strid sidan 1928
Helsedirektør Karl Evang gav fylkestinget eit oppdrag som starta sjukehusstriden i 1967.
Det er svært lang tradisjon for fogderistrid i sjukessaker i Sogn og Fjordane. Alt i 1928 starta den første harde runden med sjukehustrid i fylket. Striden gjekk på kor mange sjukehus som skulle byggjast, og kvar dei skulle liggje. I utgangspunktet gjorde fylkesmannen og departementet framlegg om to sjukehus: Eitt i Florø for Fjordane og eitt ein stad i Sogn. Men nordfjordingane kom tidleg på banen med krav om eige sjukehus.
Neste runde kom då helsedirektør Karl Evang i eit brev til fylkestinget i 1967 på nytt bad om vurdering av sjukehusstrukturen med sikte på eitt sentralsjukehus og nedlegging av småsjukehusa. Då starta for alvor den bitre sjukehusstriden som har prega den offentlege debatten fram til i dag, og som Knut O. Aarethun no bles liv i.
Les meir: