NRK Meny
Normal

– No ser vi at det er snakk om hundrevis av husstandar som ikkje har eit godt nok tilbod

Etter at Telenor nekta å levere breiband til ein familie i Bremanger fordi to stolpar var rotne, krev no KrF svar på om regjeringa vil innføre leveringsplikt.

Tore Storehaug

KREV TYDELEG SVAR: KrF-representant Tore Storehaug meiner at regjeringa må sikre breiband i heile Norge.

Foto: Espen Breivik / NRK

Bakgrunnen er at Telenor tatt ned breidbandstilbodet fleire stadar i landet før det er på plass nye, gode tilbod. Dette råka ein familie i Bremanger i Sogn og Fjordane hardt.

– No ser vi at det er snakk om hundrevis av husstandar som ikkje har eit godt nok tilbod. Eg vil utfordre Olsen til å svare på når han vil vurdere leveringsplikt av breiband, seier stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug.

Han har sendt eit skriftleg spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i Stortinget, men har førebels ikkje fått svar.

Har avvist dette tidlegare

Men tidlegare har statsråden i Stortinget slått fast ikkje er behov for noko leveringsplikt for breibandselskapa.

– Eit tungtvegande argument i vurderinga var at ei slik leveringsplikt på dåverande tidspunkt truleg kunne bidra til å redusere investeringsviljen til kommersielle utbyggere. Stortinget hadde ingen merknader til dette ved behandling av meldinga, sa statsråden i eit skriftleg svar til Stortinget tidlegare i år.

John-Magne Sande med den rotne stolpen.

MISTA BREIBANDET: Stolpane blei sette opp på dugnad i 1953 av mellom anna bestefaren til John-Magne Sande. No nektar Telenor å fikse stolpane og fjernar breibandet.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Vil ha ei avklaring

Storehaug ønskjer no å få ei avklaring på kva som er minstekravet når det gjeld breibanddekning og korleis samferdselsdepartementet vil følgje opp denne saka.

– Vi veit at tre av fire som søker om pengar frå staten til å bygge ut for breiband får nei. Vi veit og at mange husstandar mister sin nett-tilgang utan å få noko nytt, jamgodt tilbod. Derfor meiner eg at Olsen må konkretisere planane sine så vi veit kva vi har å stelle oss til, seier Storehaug.

Vil ha eit godt tilbod i heile landet

KrF-representanten frå Sogn og Fjordane seier at han vil kjempe for at regjeringa skal ha gode tilskot til breibandutbygging også utanfor dei største byane og tettstadane.

– I budsjettavtalen vår med regjeringa har vi lagt 80 millionar meir på bordet til utbygging av internett i distrikta, seier Storehaug.

Han seier at om det ikkje går å bygge ut nett med dei midlane som er sett av, så må ein vurdere om ein skal krevje leveringsplikt frå tilbydarar.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.