NRK Meny
Normal

– No må dei offentleggjere løyndommane

Stein Malkenes og Alfred Bjørlo krev at dei no får vite kva som har skjedd i prosessen med Fjord1-salet.

Tingvoll

STOPPA SAL: Fylkestinget sitt vedtak om å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til Torghatten, vart torsdag stoppa av Konkurransetilsynet.

Foto: Fjord1

– Ein kan ikkje behandle veljarane og folk i Sogn og Fjordane på ein slik måte at ein rett og slett ikkje får vite kva som føregår, fordi dei kaller det såkalla forretningsmessige hemmelegheiter, seier Stein Malkenes, som representerer Miljøpartiet dei grøne på fylkestinget.

I november i fjor vedtok fylkestinget med 16 mot 15 røyster, å selje ut fylkeskommunen sin andel av Fjord1. Fylkeskommunen eig 59 prosent av selskapet og ønskte å selje sin andel til Torghatten ASA.

Men Konkurransetilsynet har no avgjort at salet er forbode, av omsyn til konkurransen i ferjemarknaden.

– Ikkje grunn for hemmeleghald

Stein Malkenes

VIL VITE: Stein Malkenes (MDG) meiner det no ikkje er noko i vegen med å offentleggjere prosessane rundt Fjord1-saka.

Foto: NRK

Malkenes, som har vore mot salet, har tidlegare etterlyst openheit om prosessen rundt salet av Fjord1.

Men av omsyn til forretningsmessige løyndommar har ikkje informasjon om prosessen vore gjort offentleg.

– No må ein umiddelbart offentleggjere alle dei hemmelegstempla dokumenta, for no finst der ikkje lenger noko forretningsmessig grunnlag for å halde ting unna offentlegheita, i og med at det ikkje blir noko sal, seier han.

– Dyre og dårlege råd

Ein annan som har protestert mot salet til Torghatten er fylkestingsrepresentant frå Venstre, Alfred Bjørlo. Han meiner at fleire ting har vore feil i prosessen.

Alfred Bjørlo

UKULTUR: Alfred Bjørlo (V) seier det har utvikla seg ein ukultur som har ført til uroa i denne saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kombinasjonen av at ein har stolt blindt på innleigde konsulentar, og samtidig har hatt ein lukka prosess med hemmeleghald langt over grensa for offentleglova, er heilt uhaldbar, seier Bjørlo.

Fylkeskommunen har leigd inn konsulentar som har gitt råd i prosessen med salet, mellom anna om at salet ville bli godkjent i Konkurransetilsynet. Desse konsulenttenestene har kosta fylkeskommunen 11 millionar.

Akkurat kva råd som har blitt gitt er ikkje offentleg kjent. Bjørlo meiner at dette må fram i lyset.

– Vi må gjere våre eigne vurderingar og ikkje berre stole blindt på innkjøpte konsulentråd, som viser seg å både vere dyre og dårlege, seier han.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier at han ikkje ønsker å kommentere enkeltutspel frå politikarar, men at han forheld seg til fylkestinget.