Hopp til innhold

– No har dei det forferdeleg kaldt

I desse dagar vert det arrangert innsamling for båtflyktningar i Hellas fleire stadar i fylket. Monica Skilbrei er ein av dei frivillige. Ho fortel at flyktningane no har det verre enn nokon gong.

Flyktningeleir på Lesvos

KALDT: Båtflyktningane bur i enkle telt som ikkje er eigna for vinterbruk.

Foto: privat

– Det er snø og kuldegrader og forferdelege forhold. Spesielt på øyane. Der bles det veldig fortel Monica Skilbrei som har vore fem turar for å hjelpe flyktningar i Hellas.

Saman med Anne Brit Sande er ho pådrivar for ein innsamlingsaksjon for å hjelpe båtflyktningar i Hellas. Pengane går til Dråpen i havet, som er den organisasjonen både Monica og Anne Brit har bidratt gjennom når dei har reist for å hjelpe flyktningar.

Anne Brit Sande og Monica Skilbrei

BØSSEBERARAR: Kanskje får du besøk av Anne Brit og Monica som samlar inn pengar til flyktningar i Hellas.

Foto: JOSTEIN VEDVIK

Går frå dør til dør

Monica Skilbrei og Anne Brit Sande er blant dei som no går rundt med bøsser for å samle inn pengar til soveposar, liggeunderlag, telt og anna som trengst i flyktningleiarane i Hellas.

– Vi har bøsseberarar i Sogndal, Førde, Florø, Stryn og i Gaular, så ta godt imot oss, seier Anne Brit Sande, som sjølv har vore fire turar til Hellas for å hjelpe.

Sande fortel at dei nok ikkje når over alle når dei går med bøssene sine, men ho håper folk uansett vil ta kontakt og bidra av eige initiativ.

Anne Brit Sande, Monica Skilbrei og Gunhild Sølvberg

Anne Brit Sande, Monica Skilbrei og Gunhild Sølvberg på flyktningleiren Souda Camp på Chios i sommar.

Foto: Privat

Dårlege kår

Monica Skilbrei fortel at om lag 62 000 flyktningar no sit fast i Hellas.

– Dei bur i midlertidige leirar. Ofte enkle telt, fortel ho.

Skilbrei seier at ho går i ullundertøy og dunjakker når ho er i Chios. Og ho frys. Sjølv når ho går og legg seg på eit hotell om kvelden frys ho.

–Og då er det hardt å tenkje på dei som ligg i telt med enkle ullpledd. Dei må ha det vanskeleg, seier ho.

Flyktningeleier i Chios

ENKELT: Dette er ein flyktningleir på Chios. Her bles det mykje. Derfor trengst det mykje stein for å halde dei enkle telta på plass.

Foto: Eirik Johan Solheim

Fortvilande situasjon

Anne Brit Sande synest media burde dekke flyktningkrisa meir og er redd folk gløymer at folk akkurat no sit fast i Hellas.

– Eg vil seie at forholda der nede no er verre enn dei nokon gong har vore. Tidlegare hadde folk håp om ei betre framtid når dei kom til dei Greske øyene. Etter at grensene i Europa har blitt stengde har det vorte veldig uvisst og vanskeleg for flyktningane. Det er ein svært belastande situasjon psykisk, fortel ho.