– No er eg oppstått frå dei døde

Soknepresten og konfirmantane i Jølster tok eit forfriskande påskebad med ei djupare meining.

Konfirmantene i Jølster tar årets første bad

HOPPA I DET: Konfirmantane hoppa i Jølstravatnet første påskedag.

No er eg skikkeleg oppstått frå dei døde, sa sokneprest i Jølster, Silje Sørbø, då ho var på veg opp av vatnet etter årets påskebad.

Sokneprest Silje Sørebø

TRADISJON: Soknepresten i Jølster tek kvart år med seg konfirmantane på eit bad i påska.

Foto: Privat

Ho hadde tatt med seg konfirmantane i Jølster for å bade i Jølstravatnet første påskedag.

Dette har blitt ein tradisjon for ungdomane som skal konfirmerast i Jølster. Kvart år badar dei på første påskedag og det er av ein spesiell grunn.

– Det er noko med å kjenne på at ein lever på første påskedag og det gjer ein når ein badar, seier soknepresten.

Skal ein tru konfirmantane var det ei kald oppleving.