NRK Meny
Normal

– No snakkar vi minst mogleg skihopping

Anders Fannemel fekk vanskelege forhold i dagens første omgang i Innsbruck. – Eg mangla litt løft, men det kan ha vore forholda, seier han etter hoppet på 120 meter.

Anders Fannemel

-Anders Fannemel har håp om å hoppe seg oppover på resultatlista i Innsbruck-

Foto: Urs Flueeler / Ap

Med 5,6 ekstrapoeng for vanskelege forhold noterte honndølen seg for vel 118 poeng og 9.-plass etter utslagshoppinga.

Det plasserte han 11,4 poeng bak leiande Peter Prevc (Slovenia).

– Det vart tungt, men eg har alle moglegheiter om å hoppe meg opp i andre omgang. Eg prøver på det, seier han.

– Blir straffa hardt

– No skal vi snakke minst mogleg om skihopping i pausen, legg han til.

Det var fleire skihopparar som fekk vanskelege forhold i førsteomgangen. Noko Prevc og Michael Hayboeck sine høvesvis 7,3 og åtte ekstrapoeng for vanskelege tilhøve viser.

– Eg tykkjer Anders får eit brukbart hopp, men han er blant dei som blir straffa hardt når det er tunge forhold, seier NRK sin ekspertkommentator, Johan Remen Evensen.

Nøgd trenar

Det vart elles ein god førsteomgang for dei norske hopparane, der seks av sju tok seg vidare til finaleomgangen. Og alle seks var blant dei 15 beste hopparane.

Kenneth Gangnes er nummer to. Berre Daniel Andre Tande makta ikkje å ta seg til finaleomgangen.

– Alle har forbetra seg inn mot førsteomgangen, så dette kan bli veldig bra, seier trenar Alexander Stöckl og siktar mot dei seks norske finalistane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser