Hopp til innhold

– Nei til fleire motorvegar, ja til sjøtransport

Medan svært mange ropar etter fleire milliardar til store vegprosjekt, meiner Miljøpartiet dei Grøne at det går altfor mykje pengar til nettopp vegbygging.

Stein Malkenes

NEI TIL BRU OVER SOGNEFJORDEN: Fylkesleiar Stein Malkenes i MDG vil ha meir pengar til skipstrafikk.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Fylkesleiar Stein Malkenes prøver å få dei andre politikarane til å bli med på å flytte pengane frå land til sjø.

– Det blir lagt opp til å byggje mange nye motorvegar i landet, samstundes som vi skal nå Paris-målet om nedgang i utsleppa. I NTP har vi fått ein plan som betyr større motorvegar, fleire bilar, mykje meir flytransport.

– Sjøtransport leia frå Sogn og Fjordane

MDG vil overføre pengar frå dei store motorvegprosjekta til eit sjøtransportsystem, i første rekkje for gods.

– For Norge heng faktisk saman sjøvegen, ikkje landevegen, seier Malkenes.

– Men fører ikkje auke i sjøtransporten også til auka forureining?

– Jau, dersom vi skal bruke den eksisterande flåten. Men her har vi alt moden teknologi som er utsleppsfri både innan gods- og passasjertrafikk til sjøs. Vi bør lage eit nasjonalt sjøtransportprogram der dette blir sett i system.

Malkenes meiner at leiinga av eit slikt program kan leggast til Sogn og Fjordane, og at startpunktet kan vere bygginga av Stad skipstunnel.

Men på eitt felt vil MDG ha meir pengar til landevegstransport.

– Vi vil at det skal brukast mykje meir på rassikring, særleg her i Sogn og Fjordane. No får vi pengar til Kjøsnesfjorden. Men to milliardar kroner til rassikring i heile Norge er for lite. Det burde minst vore dobla.

– Meiningslaust

Og dei pengane som blir brukt på vegar bør i større grad gå til vedlikehald av det eksisterande vegnettet og i mindre grad til bygging av nye vegar, meiner Stein Malkenes.

– Vi bør skrinlegge desse enorme vegprosjekta til hundrevis av milliardar kroner. Det er så mykje pengar at vi fattar det knapt. Samstundes veit vi at oljealderen er over. Vi er realistar og innser at vi ikkje har råd til gigantprosjekt som bru over Sognefjorden. Slikt er meiningslaust.

– Kolossalt løft

Bjørn Lødemel

– GOD BALANSE: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner NTP gir mykje til sjøverts transport.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre meiner det er bra balanse mellom veg og sjøtransport i den transportplanen regjeringa har lagt fram.

– Ikkje minst er eg veldig glad for det regjeringspartia og samarbeidspartia har fått på plass når det gjeld Stad skipstunnel. Det er eit kolossalt løft på det området Malkenes etterlyser, å få meir transport frå veg til sjø.

Lødemel meiner også at NTP er ein god plan når det gjeld både vedlikehald og rassikring av eksisterande vegar.

– Det er tidenes satsing på vedlikehald. I tillegg er det kraftig satsing på rassikring, vi får pengar til tunnel langs Kjøsnesfjorden, vi har Skjersura og Våtedalen i neste periode. I tillegg vil det kome betydeleg satsing på rassikring på fylkesvegane i Sogn og Fjordane.