NRK Meny
Normal

Barneombodet: Born som er vitne til vald blir neglisjerte

Mellom sju og tretten prosent av nordiske born har vore vitne til vald mot mor eller far. Traumane etter dette kan vere like store som å vere direkte valdsutsett. Likevel er området neglisjert, meiner Barneombodet og forskarar.

Vold

UTSETT: Mellom sju og tretten prosent av born ser at mor eller far blir utsett for vald i eigen heim. Både Barneombodet og forskarar meiner meir må gjerast for desse borna.

Foto: Colourbox

– Dette har kanskje vore eit neglisjert område lenge, seier forskar Kathrine Kloppen.

Ein gjennomgang av studiar om vald og misbruk av born i familien, som ho og andre forskarar har gjort, syner at det å vere vitne til at ein foreldre blir slått eller utsette for anna vald er det misbruket born opplever mest. Mellom sju og tretten prosent har minst ein gong i barndomen vore vitne til at mor eller far har vore valdeleg mot den andre forelderen.

– Forsking syner at å vere vitne til vald mellom foreldra veldig skadeleg, og like skadeleg som direkte fysisk vald. Det må få same merksemd som rein fysisk vald, seier barneombod Anne Lindboe.

Påverkar born i stor grad

Sjølv om eit born som er vitne til vald i heimen ikkje har sår eller merker på utsida av kroppen, kan opplevingane sette djupe spor innvendig.

– Når ein er utsett for slikt over tid, så vil barnet si åtferd bli påverka av det. Det held det ikkje berre inne i seg, så det er mogleg å oppdage, seier førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Magne Mæhle.

Barneombud Anne Lindboe

UROA: Barneombod Anne Lindboe meiner ein må ta på alvor dei mange borna som er vitne til vald i heimen. – Det kan vere like skadeleg som fysisk vald, seier ho.

Foto: Beate Riiser / NRK

For også born som ser at mor eller far blir slått i heimen vil vise det på utsida.

– Dei kan få konsentrasjonsproblem, vere urolege og ha mykje vondt i magen. Det er kjenneteikn som born syner når dei ikkje har det bra, og som kan vere utgangspunkt for å gjere meir spesifikke undersøkingar, seier Mæhle.

Vaksne må trå til for å hjelpe

Både forskarane og Barneombodet er klare på at vaksne som er i kontakt med utsette born må gjere ein betre jobb.

– Dei som jobbar med vaksne på vaksenpsykiatri, i rusomsorga og liknande må tenke på at desse pasientane har born, og der har vi ein veg å gå, trur Kloppen.

Barneombodet etterlyser spesifikt at fleire både fagpersonar, som politi og legar, men også familie og andre melder frå til barnevernstenestene.

– Familie, vener, naboar og andre som høyrer krangling mellom foreldre må seie ifrå. Ofte treng også foreldre meir kunnskap om skadane born kan få av å vere vitne til vald. Vi må ha nulltoleranse for valdsutøving i heimen, avsluttar Lindboe.