Hopp til innhold

– Nedrykket er klart og vi må tenke nytt

FØRDE (NRK): Tidlegare Førde-spelar Kai Vidar «Kelly» Nygård meiner Førde fotball no må tenke på å bygge eit nytt lag til neste sesong.

Kai Vidar Nygård

NEDRYKK: Kai Vidar Nygård er klar på at nedrykket no er eit faktum og at ein allereie no bør førebu seg på tilværet i tredjedivisjon.

Foto: PRIVAT

Nygård meiner det er uinteressant om Førde tapar kampane resten av sesongen.

Det viktige er å sjå mot neste sesong. Nedrykket er klart og vi må tenke nytt. Dei som meiner noko anna bør finne seg noko anna å drive med, meiner Nygård.

Kai Vidar Nygård kritiserer Førde fotball

KRITISERER: Kai Vidar Nygård kritiserte tysdag ettermiddag Førde fotball i eit innlegg på Facebook. Onsdag ettermiddag har innlegget fått 391 likarklikk og 27 kommentarar.

Foto: Skjermdump

2. divisjonslaget til Førde har fått det tøft i årets andredivisjon. Laget ligg nest sist på tabellen med 13 poeng opp til sikker plass med ti rundar att å spele.

Dei siste fem kampane har alle enda med tap og ein må tilbake til 11. juni for å finne siste siger, 1–0 mot Vard Haugesund.

Yngre lag

Kai Vidar Nygård er ingen kven som helst innan Førde-fotballen. Han spelte for klubben ei årrekke og er kjend for sin harde og oppofrande spelestil.

I eit innlegg på Facebook tysdag etterlyste Nygård fleire spelarar som vil blø for drakta. Han trur rekrutteringa må ta noko av skulda for resultata.

– Det som undrar meg er at trenaren seier han skal satse ungt for så å hente inn åtte spelarar utan erfaring frå høgt nivå. I ein sesong der så mange lag skal rykke ned, burde dei henta eit par spelarar med erfaring frå høgt nivå. Resten kan vere lokale unggutar, meiner han.

Hvordan tror du dei unge tenker, når dei ser nye spillere inn i klubben nesten kvar mnd. Det er ikkje slik du bygger et lag og heller ikkje slik du bygger opp unge talenter.

Nygård på Facebook-sida til Førde fotball
Førde

HØGDEPUNKT: Cupsigeren mot Brann vart det store høgdepunktet for Førde denne sesongen.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Meiner kritikken er unyansert

I år skal divisjonssystemet i norsk fotball omstrukturerast og andredivisjon går frå fire til to avdelingar. Det betyr at heile sju lag frå kvar avdeling i år vil rykke ned til tredjedivisjon.

Sportsleg leiar i Førde fotball, Johan Pettersen, forstår at det blir stilt spørsmål etter resultata klubben har hatt.

– Eg forstår jo at folk stiller spørsmål i den perioden vi er inne i no, men når det gjeld kritikken knytt til spelarrekruttering så ha fleire av dei åtte spelarane det er snakk erfaring frå andredivisjon. Alle har heller ikkje vore heile sesongen og stengd ungdommen ute, så vi oppfattar nok den som litt unyansert.

Bra med engasjement

Leif Arne Åsen

ENGASJEMENT: Leif Arne Aasen synest det er positivt at Førde fotball engasjerer mange.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Styreleiar i Førde fotball, Leif Arne Aasen, seier styret har registrert at årets resultat ikkje har nådd opp til forventningane, men har full tillit til den sportslege styringa. Han synest det er positivt at klubben engasjerer.

– Nygård er jo tidlegare Førde-spelar og har mykje kunnskap. Han er absolutt ein ressurs og fleire av innspela hans er veldig konstruktive. Vi synest jo det er flott at folk er engasjert og meiningar.