Hopp til innhold

– Ho må gå om ho blir tiltalt

Professor Frank Aarebrot meiner Sp-leiaren må gå om ho blir tiltalt.

Sp-leder Liv Signe Navarsete

MÅ GÅ: Liv-Signe Navarsete må gå gå dersom ho blir tiltalt, meiner professor.

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Frank Aarebrot

- HO MÅ GÅ: Professor Frank Aarebrot meiner Navarsete må gå dersom ho blir tiltalt.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Aarebrot meiner Liv-Signe Navarsete ikkje kan halde fram som leiar for Senterpartiet dersom ho blir tiltalt i saka om partistøtte.

Ho kan heller ikkje halde fram i regjering, meiner professoren.

– Dersom ho blir framstilt som sjølve hjernen bak skandalen så blir det vanskeleg for ho halde fram som partileiar og som medlem av regjeringa, seier Aarebrot til NRK.no.

Dermed støttar han Senterpartiet sin leiar i valkomiten som meiner Økokrim sin konklusjon i partistøttesaka kan avgjere framtida til Navarsete.