NRK Meny
Normal

Lysande ballar i nattemørket er årets høgdepunkt

– Dette er jækla moro! seier Ingebrigt Wangensteen Gjerde. Men pensjonisten vart ikkje best med lysande ballar i år.

Golf med lysande ballar

LYSANDE BALL: I Lærdal har golfentusiastane ei heilt spesiell avslutning på sesongen. Då spelar dei med lysande golfballar.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er ganske lett, og jækla moro! Det er så moro! Golf er moro, seier Ingebrigt Wangensteen Gjerde som kanskje er den største golfentuisasten i Lærdal.

Han kan golfhistoria i bygda til punkt og prikke, og snakkar om golf med iver, glede og entusisme som må smitte over på alle. Han forklarer lett reglar og teknikkar, i håp om å vekke engasjement hos den han møter.

Ingebrigt Wangensteen Gjerde

ENTUSIASTEN: Ingebrigt Wangensteen Gjerde skulle gjerne hatt med fleire unge til å spele golf.

Foto: Jan Christian Jerving

Lysande ballar i nattemørket

– Eg blir 73 år og eg går på mjukt fint underlag når eg spelar golf. Og når eg skal slå må eg konsentrere meg. På ei 18-hols bane går eg i fleire timar og må konsentrere meg elles går ballen i hytt og pine! Det er ein voldsomt flott og interessant idrett, seier han.

Pensjonisten er blant dei mest aktive i Lærdal golfklubb, og dei har ei spesiell årviss avslutning på golfsesongen. Då spelar dei nattgolf.

– Der er lysande ballar. Det er nokre små lyspinnar som vi stikk inn i ballane, så då lyser heile ballen når vi slår ut. Lett å finne, seier Ingebrigt Wangensteen Gjerde.

Lysande golfball

MERKAR BALLANE: Golfballane som vert brukt lyser opp i mørket ved hjelp av ein lys-pinne.

Foto: Jan Christian Jerving

– Golfballen blir merka med namn slik at vi har peiling på kven det er sin. I nattgolf puttar vi ikkje som vanleg heller. Vi set ut ein stein, så når ballen "klakkar" mot den blir det same som å putte i holet.

Slår mot stein

PUTTAR: I nattgolf puttar spelarane mot ein stein.

Foto: Jan Chistian Jerving

Skulle vore fleire

Golfklubben han er ein del av vart starta i 2000 med fem–seks medlemmar. Wangensteen Gjerde skulle gjerne sett at rekrutteringa var betre blant ungdom og at kvinnene var fleire. På nattgolfen brukar dei å vere fleire. Men denne gongen var dei berre åtte karar.

– Denne gongen var vi kanskje åtte karar som var samla. Mange medlemmar er frå Årdal og denne kvelden var det kuldegrader der, så mange kom ikkje. Men det skulle dei ha gjort for vi hadde ein åtte–ti varmegrader.

Han konkluderer med at dei med det gjekk glipp av ein kjempekoseleg kveld i mørket.

– Å spele nattgolf gjer vi berre ein gong i året. Det er ein avslutning på golfsesongen. Når vi startar året har vi ei runde nattgolf. Og det same gjer vi på slutten av året når sesongen er over. Det er blitt ei slags markering.

– Er de ikkje redde for å treffe kvarandre med ballen i mørket?

– Nei, nei. Det er vi ikkje. Vi står ved sidan av kvarandre når vi slår ut. Ingen går fram, så det går heilt fint.

Nattgolf med hodelykt

PASSAR PÅ: Med hovudlykt og lysande ball er nattgolf gode greier for ekte entusiastar.

Foto: Jan Christian Jerving

Best med lysande ballar

Dei har kveikt opp fleire faklar for å vise kvar dei skal putte slik at det skal vere enklare å sjå.

Det er ekstra stas for medlemmene å vere best med lysande ballar.

– I år vart det han Tore Gjerdalen og Ivar Otto Rikheim som var best.

Sjølv vart han nummer tre men er ikkje misfornøgd av den grunn.

– Nei bevare meg vel, det var ei ordentleg triveleg stund.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå