Hopp til innhold

– Når du ser slikt, så er det greitt å få luka det ut

Med knekt tverrbjelke på tilhengaren trilla det norske vogntoget på veg til Bergen inn til Håbakken trafikkstasjon i Lærdal. Der vart det bom stopp.

Knekt tverrebjelke på tilhenger til norsk vogntog.

BRUKSFORBOD: Tverrbjelken på tilhengaren kunne fort årsaka ei trafikkulukke om den hadde falle av.

Foto: Statens vegvesen

– Han var til alt hell ikkje tungt lasta. Ramma toler ein del, men tverrbjelken er med å stive av konstruksjonen. Her hang bjelken berre etter delar av eine rammevangen, seier Roger Per Løvlid ved Statens vegvesen.

Kunne falle av

Laus tverrbjelke på tilhengar.

SÅ VIDT: Det var ikkje mykje som hindra tverrbjelken frå å falle ned.

Foto: Statens vegvesen

Kontrollørane fann også feil på ABS-bremser og slitne dørlåsar. Tilhengaren fekk bruksforbod til feila er reparerte.

Løvlid tenkjer med skrekk på kva som kunne skjedd. Ikkje minst om bjelken fall av og ned i vegbana. Ein slik bjelke kan fort vege mellom 50 og 100 kilo.

– Om den hadde falle av, og kome i kontakt med hjula, kunne hengaren blitt kasta på. Bjelken kunne også treft anna trafikk. Det kunne fort skjedd ei ulukke.

– Greitt å luke ut

– Når du ser slikt, så er det greitt å luke det ut, legg Løvlid til og fortel at føraren allereie har fått ordna seg plass på verkstad. Føraren sa sjølv at han ikkje var klar over at bjelken var laus.

Truleg har den også vore slik ei stund.

– Det er uråd å seie kor lenge han har køyrt rundt med hengaren slik, men vi fann ingen ferske brot. Føraren burde tatt ei runde og sjekka hengaren før han la ut på tur.

Dårleg vedlikehald

Vogntoget er ikkje det einaste norske som denne veka er stogga med alvorlege manglar på E16 i Lærdal. Tidlegare i veka kom kontrollørane over ein hengar med bremser på berre eitt av seks hjul.

– Den fekk køyreforbod, men vi melde også saka og drog inn skilta for å hindre vidare bruk, seier Løvlid og meiner manglane kunne vore unngått.

– Begge desse hengarane bar preg av dårleg vedlikehald.

Under kontrollen fekk eit norsk vogntog bruksforbod og 4.250 kroner i gebyr for overlast. Ein utanlandsk førar fekk 8.000 kroner i gebyr for manglande bombrikkeavtale, medan ein utanlandsk varebil fekk bruksforbod for gjenstandar i frontruta.

Dei siste vekene har det vore mykje snakk om feil og manglar ved utanlandske vogntog, men kontrollen i dag viser at det også er alvorlege manglar ved norske vogntog.

Seks køyretøy vart haldne att i Førde

Også på E39 i Førde har inspektørane stogga tunge køyretøy i ettermiddag. På seks av køyretøya var feila og manglane så store at dei måtte ordnast opp i før sjåførane fekk køyre vidare.

Det mest alvorlege var eit køyretøy som fekk bruksforbod fordi sjåføren ikkje hadde med transportdokument med informasjon om det farlege godset som var lasta på bilen. Dette forholdet blir politimeldt.

Vegvesenet gav også bruksforbod på eitt køyretøy som var breiare enn lovleg, eitt som hadde dårleg sikra last, eitt som hadde feil på bremser og sprekkar i ramma, eitt som ikkje hadde med seg løyvedokument og to for overlast.