NRK Meny
Normal

– Nærpolitireform ein dårleg vits

Venstre-ordførarane Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo er svært kritiske til framlegget frå arbeidsgruppa i Vest politidistrikt.

Gunhild Berge Stang

– HEILE VITSEN VEKKE: Ordførar Gunhild Berge Stang (V) i Fjaler er oppøst over framlegget til arbeidsgruppa i Vest politidistrikt.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Tilrådinga frå arbeidsgruppa til politiet inneber at det i Sogn og Fjordane blir kutta frå tre geografiske driftseiningar til ei, og at talet på tenesteeiningar (lensmannskontor) blir redusert frå 14 til tre eller fire.

Dei to ordførarane meiner ordet «nærpolitireform» berre blir ein dårleg vits dersom dette framlegget blir sluttresultatet.

– Målet med nærpolitireforma er å flytte ressursar vekk frå «kontorarbeid» og over til meir operativt beredskapsarbeid. Framlegget som no ligg på bordet legg opp til det stikk motsette, skriv dei to i ei pressemelding.

Alfred Bjørlo

– STERK SENTRALISERING: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei meiner resultatet om framlegget går gjennom blir ei sterk sentralisering av politiressursane, og nedbygging av beredskap og kompetansemiljø i store delar av Sogn og Fjordane.

– Fleirtalet i arbeidsgruppa i Vest politidistrikt syner ikkje respekt for Stortinget sine vedtak og føringar for å gjere politireformen til ei nærpoliti-reform, seier Venstre-ordførarane.

Gunhild Berge Stang, som er ordførar i Fjaler, viser til at Hafs-kommunane har kome med framlegg om å slå saman dei tre lensmannskontora i området til eitt. Men fleirtalet i arbeidsgruppa vil ikkje ha tenesteeining i dette området i det heile.

– Dersom vi må byte vekk lensmannskontor utan å få betre beredskap tilbake, er heile vitsen vekk. Vi hadde møte med leiaren i Justiskomiteen i fjor haust, og han stadfesta at modellen vår var heilt i tråd med intensjonen i politireforma.

Ho og Bjørlo er glade for at partifelle og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har sagt frå om at framlegget ikkje er i tråd med intensjonane i politireforma. No krev dei at Høgre, Frp og Arbeidarpartiet kjem på bana.

Uansett meiner dei at arbeidsgruppa i Vest politidistrikt bør skrote framlegget sitt, lese intensjonane i politireforma og starte på ny med blanke ark.

Styringsgruppa i Vest politidistrikt har møte i dag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.