– Moxnes må finne ut kva for ein fot han vil stå på

Bjørnar Moxnes og Raudt vil stogge alle planlagde og påbyrja vindkraftprosjekt. – Useriøst, svarar Sveinung Rotevatn (V).

Sveinung Rotevatn, statssekretær, Klima- og miljødepartementet (V)

VINDKRAFT: Sveinung Rotevatn (V) seier alle vindkraftanlegg må bli vurderte kvar for seg.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

– Så langt har vindkraftverk fått konsesjon utan at ein ser dei totale inngrepa i samanheng, seier Bjørnar Moxnes.

Torsdag førre veke leverte han eit stortingsforslag om å stogge alle vindkraftprosjekt fram den nye nasjonale planen er på plass. I tillegg meiner partiet at arbeidet vert sett på vent ved anlegg der utbygginga allereie har starta. Ifølge Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) var det 21 vindkraftprosjekt som hadde byrja ved utgangen av andre kvartal.

– Useriøst

Sveinung Rotevatn meiner partileiaren snart må finne ut kva for ein fot han vil stå på.

– Det er eit paradoks. Raudt er for at staten skal vere så sterk som mogleg, men mot stort sett alt av statlege styringsgrep, så lenge nokon klarar å raske saman ei aksjonsgruppe.

Rotevatn saknar ei avklaring av forholdet mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale interesser. Han meiner det er useriøst å seie nei til alle utbyggingsprosjekt, sjølv dei ukontroversielle og som allereie har starta opp.

– Enkelte stader er motstanden stor, med god grunn. Andre stadar har utbygginga stor lokal oppslutning. Dette må vurderast frå sak til sak.

Vil trykke på pauseknappen

– Hadde Rotevatn lest forslaget vårt hadde han forstått at det ikkje handlar om statleg eller kommunal styring, seier 2. nestleiar Silje Kjosbakken, som svarar på vegner av Raudt.

Ho seier partiet står fast ved at det er på tide å trykke på pauseknappen når vilkåra frå konsesjonsprosessesane i mange tilfelle har endra seg:

– Både på Hitra og på Sørmarkfjellet har ein funne hubro, som er ein truga art, undervegs i byggeprosessen. I Egersund er området med inngrep blitt tre gonger så stort som det først var søkt om. Vindturbinane som vert bygde er i fleire tilfelle større enn det som vart lagt til grunn då miljøkonsekvensane vart vurderte i forkant.

Silje Josten Kjosbakken

STYRING: – Hadde Rotevatn lest forslaget vårt hadde han skjønt at det ikkje handlar om statleg eller kommunal styring, seier Silje Kjosbakken i Raudt.

Foto: Claudia Bjørgum

– Høge som Eiffeltårnet

Raudt får noko støtte frå stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Bjørketun Heggø, som deler synet om at føresetnadane i mange tilfelle har endra seg så mykje at dei ikkje er til å kjenne att.

– Fleire fortel om vindturbinar som er blitt høge som Eiffeltårnet, og at det ikkje var det dei sa ja til, seier ho.

30. september la ho inn ein interpellasjon til Stortinget der ho hevdar at «tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statleg godkjende overgrep mot natur og menneske» og «utbygginga av vindkraft i ferd med å skape ei mistru og eit tap av tillit til sentrale styresmakter som er veldig alvorleg.»

Ho meiner likevel at forslaget til Bjørnar Moxnes går for langt og minner om at det og finst utbyggingsprosjekt som er ønska av lokalbefolkninga.

– Det er heile poenget. Vi må lytte til dei lokale kreftene, som no kjenner seg overkøyrde, seier Heggø.

Ingrid Heggø

EIFFELTÅRN: Fleire fortel om vindturbinar som er blitt høge som Eiffeltårn, og at det ikkje var det dei sa ja til, seier Ingrid Bjørketun Heggø.

Foto: NRK