– Miljødirektoratet må verne naturen, ikkje samfunnet

Naturvernforbundet klagar gruveavgjerd til ESA. – Direktoratet har feil rolle i saka, meiner Haltbrekken.

Lars Haltbrekken

ANKAR AVGJERD: Naturvernforbundet meiner det er feil at Miljødirektoratet må ta omsyn til samfunnsinteresser i naturvernsaker. I Vevring er det bestemt gruvedrift med fjorddeponi fordi direktoratet meiner samfunnet er best tent med det.

Foto: Montasje

– Vi meiner det er noko fundamentalt feil med systemet når Miljødirektoratet ikkje har som hovudrolle å beskytte naturen, men også andre må ta samfunnsansvar, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Fredag sa regjeringa ja til utbygging av gruvedrift i Vevring i Naustdal. Nordic Mining skal vinne ut mineralet rutil. Selskapet skal investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Noreg.

Kritisk til Miljødirektoratet si rolle

Miljødirektoratet skreiv i november ei tilråding som gjekk imot deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Men fredag leverte direktoratet ei tilråding der dei gir ei samla vurdering av fordelar og ulemper med ei slik gruvedrift.

– Når såg ein Helsedirektoratet stoppe ei røykereklame av omsyn til arbeidsplassane i tobakksindustrien? Det skjer berre ikkje. Helsedirektoratet tar helseomsyn og gir råd ut frå det, seier Haltbrekken.

Vurderte samfunnsnytten

Naturvernforbundet meiner det er oppsiktsvekkande og feil at det er Miljødirektoratet som skal vekte samfunnsinteressene opp mot naturvernet.

Lars Haltbrekken

NATURVERNFORBUNDET: Lars Haltbrekken meiner politikarane må ta samfunnsomsyn, ikkje direktoratet.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Direktoratet viser mellom anna til fleire samfunnsinteresser som er viktige:

  • Verdi av prosjektet er anslått til 3,9 milliardar kroner
  • Verdiskaping til BNP er på 430 millionar kroner årleg
  • Skatteinngangen i Naustdal kommune aukar
  • Sysselsette 170 personar per år i driftsperioden
  • Totalt vil 500 personar bli sysselsette som følgje av drifta
  • Etterspurnaden internasjonalt etter rutil er stor og jamn

Naturvernforbundet meiner direktoratet først og fremst skal vere miljøets vaktar.

– Miljødirektoratet burde vore naturen fremste forsvarar og dermed komme med sine råd ut frå det, seier Haltbrekken.

Politikarane må ta ansvar

Han meiner det er politikarane si rolle å løfte blikket og sjå alle samfunnsinteressene under eitt.

– Det er politikarane si rolle. Vi meiner politikarane har svikta i denne saka og vi meiner Regjeringa har svikta når dei gjer om ein rik og rein fjord til ei søppelplass. Det kan ikkje vere miljødirektoratet, som er miljøets advokat, å ta samfunnsomsyn. Det er det våre folkevalde som skal gjere, seier Haltbrekken.

Vedtaket vil bli tatt så langt det lar seg gjere for å få det stoppa. ESA blir klageinstans.

– Vi kjem til å klage saka inn for ESA. Vi vil påpeike at dette er eit brot på internasjonale avtale om å få reinare fjordar og elvar. Dette er det motsette, det er å øydelegge ein frisk og rein fjord.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.