Hopp til innhold

– Men Vikafjellstunnelen er ikkje så dyr

Kostar Vikafjellstunnelen tre eller fem milliardar kroner? Ordføraren i Vik er sjokkert over at Frp og Høgre oppgir prisen til fem milliardar.

Vikafjellet - Kvassdalen

MED I REKNESTYKKET: Rassikring i Kvassdalen er med i summen som Bjørn Lødemel har brukt om heilårsveg over Vikafjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Då lokale Frp- og Høgre-politikarar skulle forklare kvifor Vikafjellstunnelen ikkje fekk plass i NTP var det prisen dei viste til: Fem milliardar kroner er for mykje, sa dei.

Men Statens vegvesen opererer med heilt andre tal for bygging av Vikafjellstunnelen. Dei har kostnadsrekna bygginga av sjølve tunnelen til 2,8 milliardar kroner i 2014-kroner. Rekna om til 2018-kroner, blir prisen 3,1 milliardar kroner.

Det er ein del mindre enn fem milliardar. Så kvifor brukte stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre det talet då han skulle forklare kvifor folk i Vik ikkje blir tilgodesett med trygg veg til Voss i Nasjonal Transportplan?

– Det er dei tala vi har fått frå Samferdselsdepartementet, frå NTP. Vi får sjå på kva som ligg i skilnaden mellom fem milliardar og 3,1 milliardar. Det er ein lang høyringsperiode på NTP, og då kan dei som vil prioritere annleis få kome med sine synspunkt, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H), Britt Dalsbotten (Frp), Lars Svein Drabløs (Frp)

– FOR DYRT: Politikarane som meiner Vikafjellsprosjektet vil koste fem milliardar. F.v. Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H), Britt Dalsbotten (Frp) og Lars-Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rett sum – for heile strekninga

Og fem milliardar kroner er nok ein rett sum når ein reknar med ny veg på både Vik- og Voss-sida av Vikafjellstunnelen. Tal frå Statens vegvesen syner at det vil koste 600 millionar kroner frå Vinje til Myrkdalen, 600 millionar i Kvassdalen, og 700 millionar på strekninga Tistel-Vangsnes.

Det blir 1,9 milliardar kroner, og legg ein til sjølve tunnelkostnaden på 3,1 milliardar blir den samla prisen fem milliardar kroner, slik representantane frå Høgre og Frp sa.

Olav Turvoll

SJOKKERT: Ordførar Olav Turvoll (Sp) i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kom som eit sjokk

Men for ordførar Olav Turvoll (Sp) og dei andre Vikafjells-forkjemparane kom det svært overraskande at Lødemel brukte talet fem milliardar.

– Det kom som eit sjokk på oss. Vi har ikkje arbeidd for anna enn sjølve tunnelen

– Men er det ikkje vesentleg at det blir skikkeleg veg på begge sidene av tunnelen?

– Jau, sjølvsagt, men det kan takast etappevis. Det er berre tunnelen vi treng ta i første omgang. Og rassikring i Kvassdalen går frå rassikringspotten, så det er ikkje rett å kopla det inn.

– Så du meiner at det korrekte her er å bruke berre kostnaden på sjølve Vikafjellstunnelen, altså 3,1 milliardar kroner.

– Ja, det meiner eg.

Bjørn Lødemel seier det er viktig kva Sogn og Fjordane fylkeskommune vil prioritere.

– Korleis Vikafjellet blir omtalt frå fylkeskommunen si side vil vere eit innspel i det vidare arbeidet på Stortinget fram mot avgjerd i juni.