Hopp til innhold

– Meld dei ansvarlege til politiet

Morten Hofstad, mannen som avslørte Terra-skandalen, ber innbyggjarane i Bremanger politimelde dei ansvarlege etter at kommuen igjen står oppe i ein ny, pinleg milliontabbe.

Terra-forfattar Morten Hofstad i skrivestova

HYSJ-KULTUR: Terra-ekspert Morten Hofstad meiner det føregår mykje hårreisande i Bremanger kommune.

Foto: Privat

– For meg er det eit mysterium at ikkje innbyggjarane i Bremanger for lengst har gått til politmelding av forvaltninga i denne kommunen, seier Hofstad.

Han er i dag redaktør i Helgeland Blad. Som journalist i Finansavisen avslørte Hofstad i 2007 Terra-saka der åtte kommunar kvar tapte enorme summar på såkalla hedgefond.

– Bremanger er verstingen

Hofstad er ikkje overraska over at nye skjellet kjem ut av skapet på rådhuset i Svelgen. Fredag er det gjennom NRK Sogn og Fjordane blitt kjent at Bremanger kommune i år ligg an til å tape 39 millionar kroner etter å ha plassert pengar i høgrisikopapir, kalla derivat.

Hofstad som i etterkant av Terra-saka skreiv bok om kommunane sine fatale økonomiske disposisjonar, meiner det er på høg tid at nokon blir stilt til ansvar.

– Bremanger er suverent den verste historia av alle dei åtte enkelthistoriene i Terra-historia. Det er så mange hårreisande ting som i ettertid har komme fram frå denne kommunen. At det ikkje har fått ei eller anna form for strafferettsleg prosess, det fostår eg ikkje.

– Hemmeleghald og dokument som forsvinn

Redakøren skildrar ein kommune med ein usunn kultur.

– Kjenneteikna er at det er hemmeleghald, alle dokumenta har forsvunne, dette har foregått i løyndom for kommunen sin revisor gjennom mange år. Eg forstår ikkje at dette er lov. Eg forstår ikkje at det ikkje kan straffast.

Ber ordføraren ta ansvar

– Kven har skulda for situasjone kommuen har komme opp i, politikarane eller administrasjonen?

– Vi veit jo ganske mykje om forhistoria til det som frå før er kjent. Der var mykje knytt til tidlegare rådmann som sat på sitt kontor utan å raportere til politikarane. Eg kjenner ikkje detaljane godt nok om kor vidt ordføraren har vore informert og vore ansvarleg, men ansvaret stoppar hos han. Det er på tide at han no byrjar å erkjenne litt meir ansvar for det som har føregått i denne håplause kommunen, seier Hofstad.

Han ser ein klar raud trå frå den opphavelege Terra-saka til den nye skandalen som er under opprulling i Bremanger.

– Dette er berre nok eit kapittel i korleis desse tinga har blitt fortia, gøymt vekk, halde hemmeleg. Det er nok eit kapittel i den same historia, seier mannen som avslørte Terra-saka.