Hopp til innhold

– Meir glad i byen enn partiet

FLORØ (NRK): Flora er bastionen som Høgre i fylket gjerne kunne tenkt seg, men som dei aldri heilt får taket på. Eit av dei viktigaste slaga i valet står om kystbyen.

Bengt Solheim-Olsen i Florø

PATRIOT: Bengt Solheim-Olsen set byen framfor partiet. No vil han vinne ordførarmakta i fire nye år.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Arbeidarpartiet har Årdal. Senterpartiet har Gloppen. Men håpet om ein bastion for Høgre i fylket har aldri blitt noko særleg meir enn eit håp. Høgre har uansett fridd tungt til veljarane på kysten i fleire år, det å halde på makta i Flora vil vere ein viktig siger.

For Florø er næringslivsbyen som fyller 155 år, til samanlikning er dei andre byane i fylket som tenåringar å rekne. Her dominerer dei marine og maritime næringane; oppdrett, verft, olje og gass.

Det er slike stadar elles på Vestlandet at Høgre har vunne mange veljarar. I 2011 vann Høgre makta tilbake også i Florø, etter 20 år med Ap-styre. Ordførar Bengt Solheim-Olsen meiner eit høgrestyrt Florø er heilt på sin plass.

– Vi meiner jo sjølvsagt det, det ligg jo også i ein høgremann sitt blod at vekst i næringslivet skal finansiere framtidas velferdsutfordringar, seier 47-åringen.

Stridane har stått i kø

Dei siste to åra har Bengt styrt Flora, medan Erna har styrt landet. Men dei har langt frå vore samde i alt. I tillegg spelar heller ikkje næringskonjunkturane med på laget.

Politidistriktet ryk, alarmsentralen går truleg med i dragsuget. Veksten ved oljebasen har vore eventyrleg, men er no truga. Innsparingar i næringa gjer at 250 jobbar alt er sett i spel sidan Statoil flyttar forsyningsaktiviteten, skattekontoret kan òg ryke.

Hjå Firdaposten er dei godt i gang med å planlegge valdekninga. Redaktør Svend Arne Vee meiner at byen ved havet har måtta sjå langt etter eit «blått styringstillegg».

– Det står på ein måte 4–0 i mot. Ein skal vere svært velvillig og legge mykje godvilje til om ein skal få auge på noko slikt. Eg klarer ikkje å sjå det.

Firdaposten i Florø

BUR SEG PÅ VALKAMP: Svend Arne Vee (t.h) trur det blir ein spennande valkamp, men skal han tippe trur han det kjem eit skifte. Journalist David Antonsen til venstre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sviande nederlag

Rådhuset i Flora ser innvendig ut som eit middels vedlikehalde skulebygg frå 1930-talet, i kontrast til den særmerkte fasaden.

– Det er jo eit ekstremt staseleg bygg, men det er nok diverre berre på utsida, seier ordføraren.

Her inne har Bengt Solheim-Olsen vore gjennom tøffe tak. Tapet av Sogn og Fjordane politidistrikt svir i Florø-sjela.

– Nærpolitireformen har mykje bra ved seg, men det er jo eit punkt som ikkje står der, nemleg eit politidistrikt per fylke, og det er jo vi skuffa over, seier Solheim-Olsen.

Bengt Solheim-Olsen (H)

VIL BLI VERANDE: Bengt Solheim-Olsen har funne seg til rette med utsikta frå ordførarkontoret i Florø.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Folketalet har auka

Men også sigrane skal nemnast. Som til dømes at kystbyen har fått sitt eige høgskulestudium,

– Subseastudiet i Florø er eit fantastisk prov på kva som er mogleg å få til, og ei satsing som går rett inn i det regjeringa vil skal satsast på.

Framfor ordføraren ligg ei liste med fleire punkt.

– Vi har ei lang liste med klare døme på at Flora-samfunnet går godt.

Under Høgre si vakt har folketalet auka med 288 innbyggarar. Sjukehuset er kjøpt, skular og barnehagar er under bygging. Det er gjort store investeringar, og det finst planar om fleire.

Solheim-Olsen er ikkje minst nøgd med at kommunen er ute av Robek og har fått sjølvstyret tilbake, og at ein gjennom å tenke nytt har fått utbyggingsprosjekt som Eikefjord skule gjennom. Og det langt rimelegare enn nokon hadde trudd.

– Vi køyrer rundt og ser gravemaskiner og heisekraner overalt.

– Har ikkje fått gjennomslag

Men dei tydelege blå sakene er det langt mellom, meiner utfordrar Ola Teigen frå Ap, trass store vyar i 2011. Privateigde skulebygg vart ikkje noko av, Høgre har ikkje ein gong fått gjennom konkurranseutsetting av reinhaldet.

– No blei det klassisk kommunal skule i Eikefjord, det blei påbygg av kommunal barnehage i Eikefjord, og ein vanleg kommunal barnehage på Knapstadmarka.

Ola Teigen

UTFORDRAREN: Ola Teigen er Ap sin ordførarkandidat, partiet vil gjerne vinne makta tilbake.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ap i Flora peikar på satsing på velferd som si hovudsak.

– Vi vil løfte dei kommunale tenestene. Det trengst fleire tilsette i barnehagane og i skulen.

– Høgre vil ikkje farge Flora blått

Men Bengt Solheim-Olsen tek seg ikkje nær av kritikken. Eit stort spørsmål i valkampen kan bli eigedomsskatt, der Høgre vil vere garantist mot å auke skatten.

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv at Flora skal bli farga blått. Det vi vil fortelje er at våre alternative løysingar er vegen å gå for korleis vi skal få til vekst og utvikling i Florø.

I starten av perioden var tonen annleis, den lovande og unge høgrepolitikaren Jacob Nødseth vart tilsett som politisk rådgjevar. Seinare i perioden vart han ekskludert frå partiet og er ikkje lenger politisk rådgjevar.

Bråk har det også vore i bystyret. Redaktør Svend Arne Vee seier tørt;

Tydelegvis er ikkje konsensus og fleirtalsvedtak rekna som viktig i Florapolitikken, personleg så trur eg at det er det når ein skal få ting til.

Vee meiner bråket i Flora-politikken er minst like heftig som i førre periode, Solheim-Olsen har ikkje lukkast i få orden på den saka. Sjølv er ordføraren samd i at bystyret har sine utfordringar, sjølv om det også går an å setje pris på engasjementet.

– Men vi har alle i bystyret eit ansvar for å skape eit godt politisk klima, påpeikar han.

Er meir glad i byen enn partiet

På gata i Florø er Bengt Solheim-Olsen eit kjent fjes for fleire. Også Ola Teigen er eit kjent namn i byen, mange trur duellen kan bli spennande.

For ein ting ved eit lokalval er partifargen, ei anna side ved saka er ordførarkandidatane.

Bengt Solheim-Olsen

VIL IKKJE FARGE BYEN BLÅ: Bengt Solheim-Olsen har fått merke politiske nederlag, men trur på fornya tillit.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bengt Solheim-Olsen er superpatrioten som vaks opp i skobutikken midt i byen som familien har eigd i over hundre år, han har blødd for Floradrakta gjennom 429 spelte seniorkampar for Florø sportsklubb, som spiss sette han inn over 200 mål.

Også i Firdaposten ser redaktør Svend Arne Vee at patrioten Solheim-Olsen likar godt å representere kommunen i sitt hjarte.

– Han er ein patriot som før var patriot kanskje mest for byen, men som har klart å bli det for Flora kommune. Solheim-Olsen framstår alltid som godt førebudd, og stiller alltid opp når Flora skal vise igjen. Den rolla har han takla godt, og betre enn forgjengaren sin.

Med ordførarmakt lokalt, og statsministermakt sentralt må Høgre i Florø stå i stormen også når omstridde vedtak skal forklarast og forsvarast. Solheim-Olsen vedgår glatt at han er meir lokalpatriot enn høgrepatriot.

– Det trur eg er rett. Utviklinga av Florø by er mi hjartesak, det vil vere godt for heile kommunen. Lokalpatriotismen er drivaren bak heile samfunnsengasjementet mitt eigentleg.