NRK Meny
Normal

– Me visste at me var det beste laget

Florø køyrde over Førde i lokaloppgjeret på Førde stadion, og stod igjen med ein komfortabel 5–2 siger då dommaren blåste av kampen.

Florø jublar framfor fansen etter 5-2 siger over Førde

JUBEL: Florø hadde god grunn til å juble etter 5-2-sigeren mot Førde.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Det overraskar ikkje tomålsscorar Christer Husa.

– At det berre skilde eitt poeng mellom laga på tabellen før kampen skuldast at me har vore dårlege på bortebane i år. Me veit at me er eit betre lag enn Førde, og i denne kampen spelte me endeleg to gode omgangar, seier Husa.

Corner rett i mål

Husa har tidlegare spelt to sesongar i Førde-drakta, og var den einaste spelaren på bana som har spelt for begge klubbane. Han teikna seg først på scoringslista då han scora 3–1 målet i første omgang på eit hardt frispark frå langt hold. Skotet skifta retning i ein Førde-forsvarar og enda opp i målet. På 4-2-målet skrudde han ein corner rett i mål.

– Eg såg at dei ikkje hadde nokon på stolpen så eg prøvde meg. Eg har aldri scora direkte frå corner før og eg har heller ikkje scora to mål i ein og same kamp før, seier Husa med eit stor smil.

Førde-trenar Stig Nord var langt frå nøgd med korleis laget hans presterte defensivt.

– Me veit at dei er gode på dødballar og det er slik alle måla deira kjem. Me hadde ein mann på stolpen der som kunne klarert den corneren, men han hoppa over ballen, seier ein skuffa Førde-trenar.

Husa var og involvert i kampens siste scoring, då han slo eit hardt innlegg som Førde-forsvarar Vegard Gjermundstad var uheldig og sette i eige mål.

– Eg trur eg vert ståande med to scoringar, men eg meier eg bør få målgjevande på det sjølvmålet, seier Husa til NRK.no.

Christer Husa (Florø) jublar etter 5-2 siger mot Førde

TO MÅL: Christer Husa sette inn to mål for gjestane frå Florø.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ellevill opning

Kampen starta forrykande og gjestane tok leiinga etter at Kaddu Aton kjempa ballen i mål etter eit frispark før minuttet var spelt. Førde gjekk rett i angrep etter avspark og vann eit frispark, det vart slått høgt opp i feltet og Eirik Lund Holm heada inn utlikninga.

Herifrå og ut styrte Florø kampen og putta to mål til før kvilen. Trass i at Førde gjekk hardt ut og reduserte 36 sekund etter pause vart det med den eine reduseringa, og Florø vann enkelt 5–2.

– Eg har inga god forklaring på kvifor me ikkje heng med. Det var ikkje vår dag og dei var betre enn oss i denne kampen, seier Førde-trenar Nord.

I Florø-leiren var stemninga mykje betre og Husa ser fram mot avslutninga på sesongen.

– No skal me sikta oss inn på andreplassen og jobba vidare mot å få på plass det me treng for gjera det endå betre til neste sesong, avsluttar Husa.

Førde-keeperen fekk mykje å gjere i kampen mot Florø

MYKJE Å GJERE: Det vart ein heftig kamp for Førde-keeper Ante Knezovic.

Foto: Thomas Brakstad / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune