Hopp til innhold

– Mathias er blant dei beste i Europa

Mathias Loftesnes har hatt ein pangstart på livet som proff i tsjekkiske Karlovarsko. Volleyballguru Ivar Bakken meiner sogningen no er heilt i europatoppen.

Mathias Loftesnes jublar for poeng i Karlovarsko

FAST PLASS: Mathias Loftesnes er blant dei viktigaste spelarane på tsjekkiske Karlovarsko. Her jublar han for poeng.

Foto: Karlovarsko

– Mathias viser no at han er blant dei beste spelarane i Europa, seier Ivar Bakken.

Han har vore trenar for Nyborg i 30 år, og er no også assistenttrenar på landslaget i volleyball. Få kjenner norsk og internasjonal volleyball betre. Han forklarer vidare:

– Serien er ikkje heilt i toppen i Europa, men heilt klart i det øvre sjiktet. Dei beste laga spelar i Champions League, og der er det berre med eit 20-tals lag. Mathias og laget har ikkje tapt i serien til no, og Mathias er i tillegg toppscorar, seier Bakken.

– Forventar å slå inn mange poeng

I helga spelte Mathias Loftesnes og det nystarta laget Karlovarsko toppkamp mot Ostrava, der sogningen og lagkameratane trekte det lengste strået med 3–2.

Den tidlegare Førde-spelaren plukka heile 27 poeng og vart toppscorar for andre kamp på rad.

– Eg forventar av meg sjølv at eg skal slå inn ein del poeng i denne serien, seier Loftesnes til NRK.no.

Laget han spelar på er heilt nystarta, men har allereie markert seg i den tsjekkiske toppdivisjonen. Målet er å komme til semifinale i playoff.

– Er ein nyttig spelar på dette nivået

På laget spelar det folk frå Slovenia, Polen, Venezuela og Tsjekkia – i tillegg til kantspelaren frå Sogndal. Frå før har han vore proff i Estland og Belgia.

– Eg synest nivået her er mykje likt den belgiske serien. Så eg føler ikkje at dette er eit steg ned – heller tvert om. Eg får meir ansvar her, og sånn sett er det eit steg vidare, seier Loftesnes.

Saman med Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen er han ein av tre tidlegare Førde-spelarar, som no er proffar i Europa. Bakken er ikkje overraska over at sogningen har etablert seg på Karlovarsky.

– Mathias er ein spelar med stor energi og eksplosivitet i alt han gjer. Han er først og fremst ein angrepsspelar, og med rekkevidde og teknikk går han forbi det meste av blokker. Etter kvart har han også opparbeidd seg eit godt servemottak, slik at han er ein veldig nyttig spelar på dette nivået, seier han.