NRK Meny
Normal

Kvinna var så redd at ho trudde ho kom til å føde

– Eg har aldri opplevd at så mange har ringt og sagt dei har vore redde for å køyre, seier den erfarne trafikkoperatøren Ketil Molvær.

Ketil Molvær

MANGE TELEFONAR: – Det er ikkje kjekt å få så mange telefonar frå folk som er uroa og redde, seier Molvær.

Foto: Privat

– Det har vore heilt spesielt. Veldig mange har sagt dei har vore redde. Dei har klaga på at det var veldig ekkelt føre, seier Ketil Molvær som er trafikkoperatør ved Statens vegvesen i Lærdal.

Molvær har jobba i mange år på Vegtrafikksentralen, men han har aldri før hatt så mange telefonar frå folk som har sagt dei har vore redde for å køyre. Særleg mange uroa telefonar har han fått frå Ytre delar av Sogn.

Trudde ho kom til å føde

– Det var ei gravid dame som ringde. Ho sa ho var så redd at ho trudde ho kom til å føde av heile greia. I baksetet hadde ho to ungar, så det var vel litt stritt for henne, seier Molvær.

E39 Halbrendslia i Førde

INDRE STRØK: Det var sleipt føre fleire stadar i fylket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det har snøa tungt det siste døgnet og det er varsla enno meir snø dei kommande dagane. Det har likevel ikkje vore problem for bilistane å komme seg over fjellovergangane, med unntak særleg på Haukelifjell.

– Folk syntest det var rett og slett ekkelt å køyre. Mange er redde for å møte lastebilar, slik at dei må bremse og fryktar å få sleng på dei smale vegane.

Trøbbel fleire plassar

Vegoperatøren har i løpet av dagen losa både den eine og den andre på vegane, og oppmoda folk om å ta det med ro og køyre forsiktig på føret.

– Det har vore snø men mildt vêr, så det har danna seg ein god del slaps, og når ein må køyre utanfor sporet kan det gi trøbbel. Særleg viss ein må bremse, seier Molvær.

Entreprenørane har vore på vegen i heile dag og jobba hardt for å få brøytt vegane skikkeleg i heile fylket.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser