– Måk snøen før kulda kjem

Meteorologen ber deg måke vekk snøen før kulda kjem. I helga får vi påfyll av snø, før det i neste veke vil komme kald luft frå Arktis som byr på minusgrader.

Snø i Vennesla

MYKJE SNØ: Over heile heile Sør-Noreg er det fredag og laurdag venta mykje snø

Foto: NRK

Snøen treff den sørlegaste delen av landet først. Fredag ettermiddag kjem nedbørsfronten inn over Sogn og Fjordane noko som vil gi meir jamn snø.

– Vi ser at det kan kome opp mot ein fem til 15 centimeter med snø i dag, men kanskje litt mindre indre Nordjord, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Over heile heile Sør-Noreg er det fredag og laurdag venta mykje snø, og meteorologane meiner det nok kan det vere eit god tidspunkt å finne fram igjen snøskuffa.

Aslaug Skålevik Valved

–FINN FRAM SNØSKUFFA: Statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Foto: Meteorologisk institutt

I Agder er det sendt ut farevarsel om mykje snø fredag. Frå fredag morgon til laurdag ettermiddag er det venta kring 20 cm. I ei sone nær kysten kan det lokalt kome 30-40 centimeter med snø. Yr.no varslar glatt vegbane og vanskelege køyreforhold.

Venter snø på Sørlandskysten

VENTAR SNØKAOS: På Sørlandskysten kan det fredag til laurda kome opp mot 40 centimeter snø.

Foto: skjerdump

Nytt påfyll laurdag

Laurdagen startar med opphaldsvêr. Om føremiddagen aukar det igjen til stiv kuling og det kjem eit nytt påfyll med snø.

Laster Twitter-innhold

På sundag kjem det kald luft frå Arktis og gjer at temperaturane kryp ned på minussida, og snøen som no kjem vert dermed liggande,

– Det blir ned mot -fem til -10 grader, og lokalt i indre strok kan det bli endå kaldare i neste veke. Så det kan vere lurt å få unna snøen som kjem no i helga slik at vi har fått den vekk før det frys godt på. Lokalt i indre strok kan det bli endå kaldare i neste veke, seier Valved.