Hopp til innhold

– Må yte på vårt beste skal det bli poeng i dag

I ettermiddag møter Sogndal Sarpsborg på bortebane. Sarpsborg har gjort det godt i oppkøyringa og kan gi Sogndal-spelarane tøff motstand.

Eirik Bakke

VENTAR TØFF MOTSTAND: Eirik Bakke er trenar for Sogndal.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi må opp nokre hakk i forhold til Brann-kampen om det skal verte poeng i Sarpsborg. Det er eit lag som har gjort det svært godt i oppkøyringa, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Førre helg møtte dei erkerivalane frå Bergen.

Bakke håpar sigeren skal gi dei positiv energi også i sundagens møte med Sarpsborg

– Alle veit jo at det er meir positivt å vinne ein fotballkamp. Spesielt etter dei kampane vi har hatt mot Lillestrøm og Strømsgodset, der vi var svært langt unna det vi forventa. Eg håpar det gir ein positiv energi framover, seier Bakke.

Ny kaptein

Etter Rune Bolseth gav seg som fotballspelar etter førre sesong, er det Henrik Furebotn som no skal aksle kapteins-trøya for Sogndal.

– Det har vore i tankane mine å gjera han til kaptein sidan vi henta han tilbake i fjor sommar, etter at Bolseth gav seg. Han er ein lokal gut, som veit kva det betyr å spele for Sogndal, seier Bakke.

Furebotn kom frå Årdal til Sogndal i 2006 og fekk same året debuten i 1. divisjonsoppgjeret borte mot Pors. I fjor sommar vart han henta tilbake til, etter nokre sesongar i Sandnes Ulf og Bodø/Glimt.

–Furebotn er ein årdøl som gir beskjed dersom ting ikkje er bra. Vi skal bygge han inn i den rolla som Bolseth hadde. Forhåpentlegvis kan det løfte Henrik til å verte ein betre fotballspelar og ein god ambassadør for klubben, seier Bakke.

Sundag klokka 18 er det avspark på Sarpsborg stadion.

– Vi må nok yte på vårt aller beste skal det bli poeng der. Men no er det berre å gle seg til seriestart. Det er dette som er moro, seier Bakke.