Hopp til innhold

– Må vedgå at nakkehåra reiste seg

Professor Atle Nesje er både privat og profesjonelt svært oppteken av isbrear. Difor var funnet han gjorde ved Nigardsbreen noko som fekk fram kjenslene.

Atle Nesje

– GODBIT: Professor Atle Nesje med krossen og årstalet som han fann tysdag.

Foto: Svein Olaf Dahl

– Det var ein liten godbit. Eg må vedgå at nakkehåra reiste seg litt då eg fann det.

Det han fann var utgangspunktet for målingane av Nigardsbreen. Det var John Rekstad frå Bergen Museum som i 1899 sette i gang med å måle rørslene til breen.

Atle Nesje er professor ved Universitetet i Bergen og forskar ved Bjerknessenteret. Han fortel at han ei tid har visst om at det skulle vere eit merke på ein stein.

– Det eg hadde som utgangspunkt var noko som var skrive i årboka til Bergen Museum frå 1901, der Rekstad fortalde kvar han hadde hogge inn fastmerke som utgangspunkt for start av frontmålingane av Nigardsbreen.

Det han visste var at ein kross og årstalet 1899 skulle vere hogge inn i ei steinblokk, og at avstanden frå blokka og til der brefronten var i 1899 var 113 meter i retning 10 grader mot fronten. Tysdag ville han prøve å finne merket.

– Då måtte eg først rekonstruere kvar brefronten var i 1899. Eg hadde eit relativt godt kart frå den tida, så eg visste så nokolunde kvar eg skulle leite. Eg såg ein fem-seks store steinblokker som kunne vere den eg leitte etter.

– Utruleg flott gjort

Den tredje av blokkene han undersøkte viste seg å ver den rette.

– Det var krossen eg la merke til først. Han var i høgde med hovudet mitt og dermed lett å få auge på. Då eg kom nærare såg eg også årstalet. Det var utruleg flott gjort, så Rekstad må ha brukt litt tid på å få det så fint og jamt.

Nigardsbreen med vatnet

119 ÅR MED MÅLINGAR: Nesje fann steinblokka med merket frå 1899 ved vatnet til venstre for breen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Viktig historisk

– Kva har det å seie at dette punktet no er funne?

– For oss som driv med breforsking er det viktig historisk å finne originalpunktet for starten av målingane. Sidan den tid har det vore så å seie årlege registreringar av posisjonen til Nigardsbreen. I dag er det NVE som er ansvarleg for og driv med desse målingane, seier professor Atle Nesje.

Medan det i 1899 var 113 meter frå steinblokka med merket til brefronten, er avstanden i dag tre kilometer.