Hopp til innhold

Han meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune bør selje seg ut av Fjord1

– Sogn og Fjordane fylkeskommune bør trekkje seg ut av Fjord1, seier Gisle Solvoll, professor i transportøkonomi og ein av landets fremste ekspertar på ferjedrift.

Gisle Solvoll

– BØR SELJE SEG UT: Gisle Solvoll meiner fylkespolitikarar bør halde seg unna drift av ferjeselskap.

Foto: Barbro Andersen / NRK

Fylkeskommunen eig 59 prosent av aksjane i reiarlaget. Fylkeskommunen manglar kompetanse på ferjedrift, og det gir for høg risiko å eige transportselskap, seier Solvoll.

– Det meiner eg faktisk, det er ikkje nokon god grunn for at ein fylkeskommune skal eige eit transportselskap. Dei har nok å drive på med av andre aktivitetar, og dei skal kjøpe tenester.

Det har storma mykje rundt Fjord1 dei siste dagane. Det har mellom anna kome fram at to styremedlemmer har trekt seg i protest frå styret, mykje grunna skuldingar om at styreleiar Reidar Sandal har ein altfor autoritær leiarstil.

Bilferja Svanøy

IKKJE EI FYLKESKOMMUNAL OPPGÅVE? Drift av ferjer som Svanøy bør overlatast til private selskap, meiner professor Solvoll.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Må gå på akkord

Sandal sjølv har avvist påstandane. Vidare blir det påstått er Fjord1 manglar kunnskap på ei rekkje felt, og at selskapet er i djup krise. Uavhengig av alt bråket dei siste dagane, tilrår professor Solvoll at fylkeskommunen, som eig 59 prosent av aksjane i Fjord1, sel seg ut av selskapet.

Dette er det fleire grunnar til, seier Solvoll, som er ein av dei fremste ekspertane på ferjeanbod og ferjedrift i landet.

– Eg trur ikkje at fylkespolitikarane skal blande seg for mykje inn i disposisjonane som selskapa gjer. Dei skal drive etter bedriftsøkonomiske prinsipp mest mogeleg.

– Det skaper ofte problem. det kjem gjerne krav frå lokale politikarar når fylkeskommunen eig eit ruteselskap. Ein må gå på akkord med det å drive selskapet lønsamt og profesjonelt. Difor bør politikarane halde seg unna styreromma og heller la leiinga i selskapet ta seg av drifta

Avviser påstandane

I Sogn og Fjordane går både Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet inn for framleis eigarskap i Fjord1. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Norvall Nøringset

IKKJE SAMD: Norvall Nøringset (SV) ser ikkje grunn til å selje Fjord1.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men Norvall Nøringset, gruppeleiar for SV i fylkestinget, avviser påstandane frå professoren om at fylkeskommunen ikkje er eigna til å vere majoritetseigar i Fjord1. For SV er det uaktuelt å selje seg ut av Fjord1, seier Nøringset.

– Vi meiner at offentleg eigarskap er viktig, og det er prinispielt viktig å ha kompetansearbeidsplassar i den næringa. Så langt har vi hatt ei god hand om selskapet, og vi har hatt gode inntekter derifrå. Vi har ikkje sett nokon grunn til å selje den kompetansen ut av fylket.

– Men no seier denne eksperten at det er uklokt at ein fylkeskommune er majoritetseigar i eit transportselskap.

– Det er mange som seier dei er ekspertar på ulike felt, så han må gjerne vere ekspert på kva fylket bør eige eller ikkje. Men vi har gjort ei vurdering ut frå vår ståstad, og vi synest det er viktig å eige eit selskap for å ha ei leiing og eit selskap som involverer seg i andre delar av fylket.

– Angrar ikkje

Forutan Fjord1 er det tre andre store ferjeaktørar i Norge. Desse er Norled, Torghatten og Boreal. Solvoll ser for seg ei marknadsutvikling der eitt eller fleire av desse selskapa kan bli slukt av konkurrentar.

Jon Aasen

– ANGRAR IKKJE: Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg veit at Torghatten luktar på Vestlandet. Det er ein landsdel dei ikkje har fotfeste i, og vi skal ikkje sjå bort frå at det blir færre selskap etter kvart, sjølv om det er få alt no. Konkurransen blir berre hardare og hardare, og visjonen om ein ferjefri E39 gjer at mange store samband kan bli borte.


Møre og Romsdal fylkeskommune selde seg ut av Fjord1 i april 2011, ein aksjepost som Havilafjord ved sunnmøringen Per Sævik tok over. Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen frå Arbeidarpartiet, angrar ikkje på at dei selde seg ut.

– Det gjer eg ikkje. Det er slutt på den tida vi kunne bruke ferjeselskapet i regional utvikling. No er det anbodsregimet som gjeld, og dermed fann vi etter samla vurdering at det var rett å selje oss ut.

Bilferja Lifjord

HARDARE KONKURRANSE: Professoren spår at det kjem til å bli endå færre ferjeselskap i framtida.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK