Hopp til innhold

– Må køyre jamsides med postbilen for å få pakke

Frå 1. mars tek ikkje landpostboda med seg pakker. Dette gjer at mange må køyre milevis for å få pakkene sine utan å måtte vente to dagar. – Aldeles tullete, seier Asbjørn Massnes.

Asbjørn Massnes

– HEILT SPRØTT: Asbjørn Massnes er oppøst over endringane som går ut over folk i utkantane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han og Olav Fridtun bur på Massneset på Høyanger sørside. Til postkontoret i Bjordal er det over to mil. Dit må Olav køyre om han vil ha pakka si på dagen.

– Det er heilt håplaust. Vi må sette oss i bilen og køyre jamsides med postbilen for å hente ei lita pakke som dei godt kunne legge av her i postkassen. Det er nokre nye ordningar som Posten har sett i verk, seier han.

Fram til no har dei fått pakker med landpostboda.

– No må vi ringe til Posten og be dei ta kontakt med landpostbodet, som så kjem med pakkene to dagar etterpå. Vil vi ha pakkene på dagen må vi hente dei sjølve, seier Fridtun.

Asbjørn Massnes fortel om ein kar dei kjenner som same dagen måtte køyre både til Brekke og til Bjordal for å hente to pakker, med andre ord ein tur i kvar retning.

– Det er heilt merkeleg at dei kan finne på noko slikt. Samfunnet er i ferd med å bli heilt sprøtt. Dei finn på det eine etter det andre som gjer det vanskelegare å bu i utkantane. No køyrer postbilen forbi oss på veg frå Brekke til Bjordal. Det måtte vel gå an å stanse og levere pakker.

Postbod Svein Sognnes på Høyanger sørside

KAN IKKJE TA MED SEG PAKKER: Landpostbod Svein Sognnes får ikkje lenger køyre ut pakker utan at det er gjort avtale. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Hol i hovudet

Fridtun er også oppøst over denne utviklinga.

– Det er heilt hol i hovudet etter mitt syn. Eg kan ikkje forstå at det kan sitte folk der inne og lage til slike dumme reglar. Vi forstår at på tettstader kan folk spasere til postkontoret og hente pakker, men for oss som må køyre langt høyrer det ikkje heime nokon stad. Det er langt bak mål.

– Mange bomturar

Pressejef John Eckhoff i Posten stadfestar at dei har endra instruksane til landpostboda.

– Det er ei tilpassing til samfunnet vi lever i. Vi har hatt ordninga med at landpostboda har teke med pakker ei tid. Det har ført til mange bomturar fordi folk ikkje er heime. Vi meiner det er meir fornuftig å tilpasse oss dette, slik at folk kan ringe oss og avtale når pakkene kan leverast.

Han forstår at ikkje alle opplever dette som eit framsteg, men seier at det ikkje er aktuelt å gå tilbake på denne endringa.

– Dette er ikkje reversibelt. Samfunnet har endra seg, og det er ikkje slik at folk går heime og ventar på posten lenger.

John Eckhoff

– MÅ TILPASSE OSS: Pressesjef John Eckhoff i Posten.