Hopp til innhold

Sogndal på midtstopparjakt etter at Karadas reiser til Brann og Valsvik truleg er ferdig

– Det er ikkje akkurat hemmeleg at me no har eit stort fokus på å forsterka laget på midtstopparplass, seier Håvard Flo, sportsleg leiar i Sogndal Fotball, etter salet av Azar Karadas til Brann.

Håvard Flo

SPELARJAKT: Håvard Flo og resten av Sogndal Fotball skal på midtstopparjakt i tida framover.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Azar Karadas

TIL BERGEN: Azar Karadas er klar for Brann.

I føremiddag vart det klart at Azar Karadas blir seld til Brann, etter at han i lang tid har ytra ønskje om å flytta til Bergen, der familien hans bur. Sogndal har sagt klårt ifrå at eit sal var uaktuelt, men i dag kom kontrameldinga.

– Det er klart det også er relatert litt til Azar sitt ønskje opp mot familiesituasjonen. Han har budd lenge vekke frå familien sin, og slike ting er ikkje statisk. Det bevegar seg og ting endrar seg, og det har me respekt for, seier Flo.

Gustav Valsvik

MOLDE? Mykje tyder på at Gustav Valsvik er ferdig i Sogndal. Molde er blant klubbane som har synt interesse for vikjen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mykje tyder også på at Gustav Valsvik er ferdig i klubben i løpet av sommaren. Dermed står Sogndal att med to reine midtstopparar: Hannu Patronen og Bjørn Inge Utvik.

– Dei er to fantastisk gode spelarar som utfyller kvarandre på ein strålande måte, og me er kjempeglade for at me har slike spelarar att i klubben.

Med to midtstopparar i eit lag som har spela mykje 5-3-2, altså ein formasjon med tre midtstopparar, er det naturleg at ein må på spelarjakt. Og uansett bør ein ha fleire enn to i troppen, sjølv om ein legg om formasjonen, i tilfelle skadar, suspensjonar og roteringar på laget.

– Det er vel ingen hemmelegheit at me har eit fokus på å forsterka midtstopparplassen i laget, seier Flo.

Midtstopparar på prøvespel

– Det er klart at Azar Karadas hadde ei viktig rolle, både på og utanfor bana. Han var ein veldig fin ambassadør, og ikkje minst fylkesprofil, så det vil merkast at han er vekke. Men det er klart at det er ein del av fotballen. Når ein no kom til ein konklusjon, så er det klart at me må ut på marknaden og sjå på potensielle kandidatar som kan kome inn og fylle tomrommet etter han, og det er ei krevjande oppgåve, seier Flo.

– At de no snur og sel han, betyr det at de har aktuelle kandidatar på veg inn?

– Det kan vera. Me har undersøkt marknaden. Me har nokre prøvespelarar som er her for å syna seg fram, så får me sjå korleis utfallet der blir. Eg er viss på at me skal få tak i ein passande profil inn dette overgangsvindauget.

– No har me nokon midtstopparar som skal syna seg fram, og førsteinntrykket er veldig bra, både på den korte økta me hadde i dag, men også personlegdom og den biten. Det er spelarar som er på veg opp og fram, men også har litt erfaring i bagasjen. Definitivt spanande spelarar.

Status no

Ørjan Hopen jublar for mål mot Strømsgodset

TIL BERGEN: ..men ikkje Brann. Ørjan Hopen skal spele for Nest-Sotra ut sesongen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Troppen har blitt ganske mykje slankare i løpet av dei siste vekene. Midtbanespelaren Tonny Brochmann har takka for seg, det same har keeper Erik Dahlin gjort, og Ørjan Hopen skal på utlån til førstedivisjonsklubben Nest-Sotra ut sesongen. Gustav Valsvik har vore klar på at han vil vekk, og Sogndal har sagt at det er 99 prosent sikkert at han reiser i sommarvindauget, og Azar Karadas takka i dag for følgjet og flyttar til Bergen.

Av nye lønsslippar i utboksen på økonomikontoret er dei til nysignerte Babacar Sarr, som vart kjøpt frå Start, og Kenneth Udjus som kjem på utlån frå Lillestrøm.

– Sarr er ein spanande, ung spelar som passar vår profil veldig godt. Han er duellsterk, slik ein sogndalspelar skal vera, men han har også mange andre fine kvalitetar, både personleg og på bana. Han er ei kjempetilvekst for oss, og det kan også henda det kjem andre spelarar, me får sjå.

Udjus som utfordrar

Kenneth Udjus

VART TAKKA AV: I 2012 vart Kenneth Udjus takka av på Fosshaugane etter ein strålande sesong bakarst for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når det gjeld Udjus, som spelte i Sogndal i sesongane 2011 og 2012, er han i utgangspunktet tiltenkt plassen som utfordrar til Mathias Dyngeland om keeperplassen.

– Me har ein førstekeeper i Mathias Dyngeland som har hatt ei veldig bra utvikling det siste halve året. Han har verkeleg modnast og teke gode steg på ulike områder. Dahlin har som sagt reist, difor måtte me henta inn ein type som kan vera ein konkurrent til Mathias. Det er viktig også for Mathias, og Kenneth har vore gjennom ei fantastisk fin reise her i klubben tidlegare.

– Diverre for Kenneth har han fått lite speletid i Lillestrøm, så eg trur også han ser på dette som ein vinn vinn-situasjon, der han kan kome hit og få ein konkurransesituasjon, og gjerne også få nokre kampar under beltet, seier Flo.