Hopp til innhold

– Må ha operasjonssentral i Sogn og Fjordane

Ordførar Noralv Distad i Aurland meiner bussbrannen i Gudvangatunnelen er eit prov på at det er viktig å ha ein operasjonssentral plassert i Sogn og Fjordane.

Noralv Distad

VIL KJEMPE: Noralv Distad (H) meiner det er uhyre viktig å ha ein operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Sogn og Fjordane politidistrikt skal slåast saman med Hordaland med hovudbase i Bergen. Høgre-ordføraren i Aurland meiner det vil vere uklokt å legge ned operasjonssentralen til politiet i Florø, etter hans erfaring med to brannar og ein storflaum.

– Vi må ha ein modell der vi framleis har ein operasjonssentral i Sogn og Fjordane. Då veit vi at det blir eit samarbeid mellom politi og brann. Dei har kompetanse, dei har lokalkunnskap, dei veit kva knappar dei skal trykke på. I alt beredskapsarbeid er nærleik viktig.

– Viktig å mobilisere lokalt

Distad seier han også vil kjempe imot ei samanslåing av brannvesenet i Aurland med andre.

– Vi veit kor viktig det er å mobilisere lokalt. Det same skjer regionalt, det er uhyre viktig å ha operasjonssentralen i Sogn og Fjordane. Det må det vere plass til i dei reformene som no skjer. Eg skal heile tida vere forkjempar forat dette med lokalkunnskap og samordning lokalt er på plass.

– Behovet for godt samarbeid mellom dei ulike naudetatane er svært viktig. Slik eg har fått det framstilt var det eit utmerka samarbeid mellom Operasjonssentralen til politiet og 110-sentralen i Florø ved brannen i går, seier Noralv Distad.