NRK Meny
Normal

– Må gripe sjansen til å vise fram att kunsten til Astrup

Etter år med dårlege besøkstal og ei stemoderleg utstilling, er det på tide at Astruptunet blir synt fram att. - Vi må kjenne vår besøkelsestid, seier tidlegare styreleiar for Astruptunet.

Atle Hamar

MÅ FÅ KUNSTVERK TIL ASTRUPTUNET: Atle Hamar håpar at Sogn og Fjordane kunstmuseum vil bruke låneavtalen betre med Sparebankstiftinga betre, slik at folk kan sjå nye utstillingar i Astruptunet kvart år.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Her må både fylkeskommunen og Sogn og Fjordane museum vere på ballen. Dette kan ikkje definere dette berre som ein kunstnarheim. No må ein kunne viser fram Astrup sin originalkunst i større grad i Astruptunet, seier Atle Hamar.

Astruptunet

BRATT, MEN FRODIG: I Astruptunet fekk Nikolai Astrup åtte barn saman med kona Engel. No treng husa sårt vedlikehald.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hamar har tidlegare vore styreleiar av Astruptunet, og no Jølster kommune sin representant i arbeidet med lanseringa internasjonalt.

Sparebankstiftinga DNB gir 10 millionar kroner for å lansere den kjende jølsterkunstnaren Nikolai Astrup internasjonalt. Neste år skal over 90 verk av Astrup stillast ut i London, Oslo og Emden i Tyskland. Fleire av bileta har ikkje vore viste tidlegare og utstillinga baserer seg på innlån frå blant anna 20 private eigarar.

– Må bruke låneavtalen

– Astruptunet kunne kanskje låne ein 15 kunstverk frå samlinga på rundt 400 verk som er i Bergen. Det ville vore fantastisk å kunne kurert ei ny utstilling kvart år og kunne løfta Astruptunet også på formidling, seier Hamar.

Nikolai Astrup: Maimåne

MAIMÅNE: Nikolai Astrup var særleg kjend for grønfargane i bileta sine.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Sparebankstiftinga DNB eig om lag 400 kunstverk av jølsterkunstnaren Nikolai Astrup, men samlinga blir forvalta av Bergen kunstmuseum. Det ligg i avtalen mellom Jølster kommune og Sparebankstiftinga at kommunen kan fornye utstillinga i Astruptunet med verk frå samlinga til Bergen kunstmuseum.

– Det er opp til Sogn og Fjordane kunstmuseum å bruke den moglegheita som ligg der til å vise fram kunsten til Astrup, seier Atle Hamar.

Vil auke interessa for Astrup

Som ordføraren i Jølster, trur Hamar lanseringa internasjonalt vil vere positiv for Astruptunet med auka besøkstal og større interesse rundt Astruptunet.

Lanseringa skal skje i 2016 i London og Tyskland. Hamar viser til at store utstillingar tidlegare på Blaafarveværket så auka interessa for Astruptunet.

– Når det blir brukt så store ressursar på å lansere Astrup internasjonalt vil det vere ganske merkeleg om vi ikkje skulle auke interessa ganske kraftig.

– Noko av den unike opplevinga i Astruptunet er at du kan komme der og sjå tunet han budde i og sjå motiva rundt deg. Og husa ligg der så ein kan sjå korleis han budde.

Astruptunet

BRATT, MEN FRODIG: I Astruptunet fekk Nikolai Astrup åtte barn saman med kona Engel. No treng husa sårt vedlikehald.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK