Hopp til innhold

– Må felle mange fleire villrein i kampen mot skrantesjuke

Dei vart felt for få villrein under jakta i år, om ein skal kunne erklære Hardangervidda og Nordfjella sone 2 frie for skrantesjuke om fem år, ifølge Veterinærinstituttet.

Villrein på Hardangervidda, like ved riksveg 7

IKKJE FRISKMELD: Prøvane frå årets villreinjakt viste ikkje teikn til skrapesjuke her på Hardangervidda, men dette beviser ikkje at sjukdommen ikkje finst der.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Det vart felt 560 villrein på Hardangervidda og i Nordfjella sone 2 i år, og Veterinærinstituttet fekk inn prøvar av kvart av desse dyra. Testane viser at det ikkje er funne villrein med skrantesjuke under årets jakt.

Men prøvar av 560 dyr er for lite.

– Skal desse områda bli erklært frie for skrantesjuke innan fem år, trengst det eit høgare jaktuttak i åra som kjem enn det som var i 2018.

Det seier skrantesjuke-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet.

Med uttaket som er gjort til no ligg vi litt etter planen for dei fem åra.

Vil ha sikre bevis

Etter at det vart påvist skrantesjuke i Nordfjella sone 1, har det tidlegare vore ei storstilt nedskyting av rein der for å få bukt med sjukdommen.

Det området skal liggje brakk i minst fem år.

Kor lang tid det går før områda kan bli friskmelde, avheng av kor mange prøver som kjem inn frå dyr.

– Det ikkje så lett å setje eit fast tal år. Dersom vi ikkje har smitteførekomstar andre stader i den femårsperioden, har vi ein tryggleik vi er nøgde med, seier Våge.

Treng mange fleire prøvar

Forskarar ved instituttet anslår at det etter årets jakt er om lag 64 prosent sannsyn for at Nordfjella sone 2 er fri for skrantesjuke, og rundt 67 prosent sannsyn for Hardangervidda. Men for å kunne erklære områda smittefrie, krev Mattilsynet 99 prosent sikkerheit.

Jørn Våge

IKKJE NØGD: Skrantesjuke-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet seier det vart felt og testa for få villrein i år til å slå fast at skrantesjuka ikkje har spreidd seg sørover til Hardangervidda.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Vi treng å ta mange fleire prøver for å vere sikre nok på at det ikkje er skrantesjuke hos villrein utanfor Nordfjella sone 1. Vi er ikkje i mål, men har gjort eit godt stykke arbeid så langt, seier Våge.

– Kva skjer viss ein ikkje fått opp fellingstala?

– Då får vi ikkje den sikkerheita vi har behov for innanfor akseptabel tid. Samstundes blir det risiko for spreiing om det skulle vere smitte i nokre av desse område. Det er difor vi hastar såpass mykje som vi gjer.

Ikkje nedkjempa

Også Vitskapskomiteen for mat og miljø har konkludert med at skrantesjuka ikkje er nedkjempa. Dei har vurdert ulike aspekt som påverkar spreiing frå Nordfjella sone 1. Blant anna kan det skje ved at dyr går inn på stader som har stor smittefare frå før.

– Smittestoffet er så motstandskraftig at vi må tenkje på det framleis kan finst og spreie seg vidare, sa Bjørnar Ytrehus tidlegare i desember.