NRK Meny
Normal

– Må bli lettare for kommunane å få opplysningar om ras og flaumfare

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, meiner det må eit krafttak til for å sikre kommunane betre tilgang til ras og flaumsonevurderingar.

Øyvind Bang-Olsen

KLIMAENDRINGAR: Øyvind Bang-Olsen er rådmann i Naustdal.

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen/Eldgrim Fossheim / NRK

– Mange kommunar slit kanskje med å få tak denne informasjonen. Det gjeld både frå NVE og NGI som sit med informasjon når det gjeld rasfare. Så kanskje må det eit krafttak til for å få den informasjonen til kommunane, seier Bang-Olsen.

Ifølgje ein ny klimarapport som vart lagt fram tysdag av mellom andre Meteorologisk institutt og NVE kan nedbøren auke med 18 prosent dersom ikkje klimautsleppa blir reduserte.

Først i landet

Naustdal kommune var den fyrste kommunen i landet som fekk klimakart. Kartet viser ein 200-årsflaum der det vert teke omsyn til klimaendringar.

– Dette er eit viktig tema for Naustdal kommune, vi har blant anna eit vassdrag som er verna og som følge av det kan den elva bli ganske stor, seier Bang-Olsen.

Kommunen har difor lagt klimakartet dei fekk for få år sidan inn i kommuneplanen, og brukar det når nye bygg skal planleggast, som til dømes frisksenteret ,som kommunen skal bygge. Sjølv om ein bygger i nærleiken av både sjø og elv er dette trygt, seier Bang-Olsen.

– Dette er heilt trygt ja, vi har lagt til grunn 200-års flaum og klimaendringane som kjem, og då er byggegrensene lagt med utgangspunkt i det.

Vatn den store utfordringa

Fylkesmann Anne Karin Hamre

STORE UTFORDRINGAR: Anne Karin Hamre er fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er klart at desse endringane og det nye vêret vil gje store materielle skadar, med dei økonomiske konsekvensane som følgjer med det, og auka risiko for dei som bur og ferdast i dei utsette områda, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

I 2014 førte oktoberflaumen til store skadar i fleire kommunar i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Aurland og Lærdal var kommunar som blei hardt råka. Øydeleggingane er ein forsmak på det som vil kome meiner Hamre

– Det rasar no på stader det aldri har rasa før, og heile Vestlandet og kysten er svært utsette for klimaendringane som kjem, seier Hamre.

Førebygging

Hamre meiner ein på nasjonalt nivå må vri ressursar over på førebygging og gjere infrastrukturen i stand til å tole klimaendringar.

– Det som det i dag blir gitt støtte til å er å sette flaumskadde vegar tilbake i opphavleg stand, men det er ikkje nok, når vi veit at flaumane i framtida blir mykje kraftigare.

–Kva då med alle plassane der det bur fok i dag, korleis skal vi sikre dei?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det blir bygt rasvollar og sikringstiltak der det er bygt etter gammalt regelverk, og som det antakeleg ikkje hadde blitt bygt i dag. I dei mest ekstreme tilfella så kanskje folk flytte, seier Hamre.