Hopp til innhold

– Lufta har gått heilt ut av meg

Det seier fotballtrenaren til Årdal, Ivan Øy. Etter dagens 1-0-siger mot serieleiar Brattvåg kan dei endeleg slutte å uroe seg for nedrykk. No er det Florø 2 som står i fare.

Truls Hovland - Årdal

SCORA PÅ STRAFFE: Truls Hovland sikra laget sitt eitt mål meir enn motstandarane.

Foto: Elin Hæreid

Årdølane visste godt kva som venta dei då fekk besøk av topplaget frå Sunnmøre.

– Vi veit kva Brattvåg står for, så vi valde å ligge såpass tett i forsvar at vi kunne utnytte sjansane på overgangane, seier Årdal-trenaren.

Ein tøff haust

Gjennom heile hausten har dei kjempa med nebb og klør for å bli verande i 3. divisjon. Eitt tap i dag og siger for laga under kunne fort sendt dei ned i gjørma, men slik vart det ikkje. På straffespark sette Truls Hovland inn det einaste målet i kampen, og det heile var avgjort. Med det kunne laget, inkludert trenaren, puste letta ut.

– Dette kjendest veldig godt ut. Det er omtrent som at all lufta har gått ut av meg med tanke på den hausten vi har hatt. No slepp vi å vere avhengige av å ta poeng i den siste kampen neste helg, seier Øy.

Han er imponert over det spelarane presterte.

– Vi visste vi møtte eit godt lag. I garderoben etter kampen var det jubel så taket omtrent letta.

Florø 2 må kjempe heilt inn

Men det gjekk ikkje like godt for dei andre laga frå fylket. Og i staden for at Årdal står med gjørme til knea er det Florø 2 som får ein beintøff avslutningskamp for sesongen, etter at Herd slo dei 2–1.

No ligg Florø 2 rett over raud strek, med like mange poeng som laget som ligg like under streken. Dette tapet åleine ville sendt Årdal i trygg posisjon, men det er ikkje like gledeleg som eigen siger.

– Vi håpar sjølvsagt at Florø 2 klarar seg, og at alle laga frå fylket blir med vidare. Det er litt i overkant mange lag frå Møre ikkje noko stygt om dei, men det er viktig å halde oppe mengda av lag her frå fylket, seier trenaren i Årdal, som har trua på at også Florø 2 vil berge plassen.

Eid har allereie vore nedrykksklare ei stund med sine 10 poeng på nest siste plass, bak Kristiansund 2 som ligg likt med Florø 2 på 28 poeng.