Hopp til innhold

– Livsfarleg å hoppe utan erfaring

Fleire amatørar ynskjer å utføre farlege basehopp frå fjell i Sogn og Fjordane, sjølv om dei ikkje har teke eit einaste kurs i denne sporten.

Video Oppdrag Sognefjorden: Jokke Sommer

MED VINGEDRAKT: Her flyg Jokke Sommar i serien Oppdrag Sognefjorden.

Foto: Nyhetsspiller

Det er fjella i tv-serien Oppdrag Sognefjorden på NRK som freistar til basehopping. Deltakar i serien, Joakim Sommer, meiner det er galskap å hoppe utan opplæring.

– Trur det er ein leik

Basehopper Joakim Sommer

ÅTVARAR DEI UERFARNE: Basehoppar Joakim Sommer seier det er livsfarleg å hoppe utan kursing.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Serien har no fått mange til å sperre augo opp for ekstremsporten.

– Eg får e-postar nesten kvar dag som har lyst å byrje med dette.

For allereie medan serien pågjekk, byrja telefonen å ringje. Sommer er no uroa for kor lett folk trur sporten er. Enkelte trur nemleg det er ein leik.

– Dessverre gjer dei det og det skremmer meg. Det kan jo bli ulukker fordi folk har lyst å gjere det same, seier han.

Meiner det er galskap

Jan Vang er fagsjef på fallskjerm i Norges Luftsportsforbund. Verken han eller forbundet driver sjølv med basehopping, men han kjenner til miljøet.

– Dersom nokon har tenkt å byrje med basehopp utan å hoppe å vere erfarne og dyktige fallskjermhopparar, er det fullstendig galskap.

Han meiner at basehopp krev at man minst har utført 1000 fallskjermhopp.

– Folk bør ikkje tenkje på dette utan å ha mange fallskjermhopp bak seg.