Hopp til innhold

Eitt år sidan far og ektemann døydde: – Å gi opp var aldri eit alternativ

– Eg flyg og flaksar litt rundt omkring så det er bra mamma er her. Alle veit at eg er ein stad på hotellet, men ikkje alltid kvar, seier Preben Moen (23).

Irene og Preben Moen

STYRER SKUTA: Saman klarar Irene og Preben Moen det meste. Å gi opp var aldri eit alternativ for familien som sat igjen då ektemannen og faren døydde.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

I eitt år har han styrt Gloppen Hotell på Sandane. Fredag var det eitt år sidan direktøren og pappa Dag Moen ved Gloppen hotell brått døydde under ein ferietur på Gran Canaria. Saman med kona Irene skulle han lade opp til ein ny sesong.

Slik gjekk det ikkje. No er det Irene og sonen Preben som driv hotellet vidare. Han var berre 22 år då han tok over skuta ved inngangen til ein svært travel sommarsesong.

– Vi mista faren vår og hotelldirektøren. Vi hadde eit tøft år, for pappa døydde rett før sesongen starta. Men vi kom oss gjennom det. No er vi veldig optimistiske før sesongen 2014. Det lovar godt, seier Preben.

Han hugsar godt kvar han var då han fekk beskjed om at faren var død.

– Eg var på rom 105. Eg hadde vore på jobb til sju om morgonen. Klokka ni fekk eg telefon frå mor mi om at far var død, seier han.

Har blitt sterkare

Gravferda var 12. april og 14. april var dei tilbake i jobb. Irene Moen seier dei ikkje hadde noko val.

– Vi måtte berre, anten går du ned eller så går du opp og fram. Livet måtte gå vidare og vi måtte stå på.

– De har opplevd dramatiske ting, kva gjer det med dykk?

– Eg trur vi alle blir sterkare, både eg to dei to sønene mine. Vi går vidare og ser lyst på livet.

Måtte delegere ansvar

Som 22-åring fekk Preben ansvaret med å ta over det ærverdige hotellet på Sandane, som den yngste hotelldirektøren i Norge.

– Eg tenkte det ville gå bra. Eg har stor tru på Preben. Han har alltid hatt stor interesser for faget og allereie i 5. klasse visste han kva han ville, fortel Irene.

Men med inngangen til ny sesong då faren døydde, blei det hektiske månader. Det er ein periode Preben ikkje hugsar så mykje av i ettertid.

– Eg hugsar ikkje så mykje frå i fjor sommar. Eg kom ut av ei slags boble i september. Det blei svært lange dagar og eg fann ut at det ikkje gjekk. Eg måtte gi frå meg ansvar og det har lønna seg. No har eg eit mykje betre liv, fortel han.

Er forelska i jobben

Den unge hotelldirektøren har mykje energi og tykkjer det er greitt å ha mora si i nærleiken.

– Ho held meg i øyra om ideane blir for høgtflygande, ler han.

Men noko ny husfrue på hotellet ser det ikkje ut til å bli med det første. Damer blir det nemleg lite tid til i ein travel kvardag.

– Eg har prøvd, men det gjekk ikkje for det blir for mykje jobbing. Eg blei forelska, men det gjekk ikkje så bra. Eg er nok litt for forelska i jobben min.

Gloppen Hotell

DRIV VIDARE: Gloppen Hotell har lange tradisjonar og ligg midt i sentrum på Sandane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK