Hopp til innhold

– Livet er litt vanskelegare som homofil

Isabel Jensen Grindheim stod fram som homofil for ti år sidan og lét seg kraftig provosere av eit innlegg i Aftenposten i førre veke.

Isabel Jensen Grindheim

MANGE TILBAKEMELDINGAR: Isabel Jensen Grindheim har fått drøssevis med tilbakemeldingar, etter at ho skreiv innlegget «Veit ikkje kven eg lærte homofili av» i Aftenposten.

Foto: Privat

– Å seie at eg har lært meg å vera homofil er heilt vanvitig. Ein vil ikkje læra seg å vera homofil. Det gjer jo ting litt vanskelegare, seier Isabel Jensen Grindheim.

Måndag publiserte Aftenposten innlegget «Veit ikkje kven eg lærte homofili av», skrive av Grindheim. Det var eit motinnlegg til Nina Karin Monsen, som i førre veke skreiv innlegget «Det er en myte at det er to seksuelle virkeligheter».

Og setninga som fekk Grindheim til å tenne på alle pluggar var at «Heteroseksualitet er medfødt. Den er ikke lært. Homonormativitet må læres, den er mote og retorikk. Homoseksualitet, gjensidig onani, er ingen egen form for seksualitet.»

– At nokon kan seie noko slikt er for meg heilt kunnskapslaust, seier Grindheim.

– Å vere homo er ikkje draumen. Det er ikkje det vi tenkjer om framtida vår når vi er barn. Det gjer livet hakket vanskelegare, skriv Grindheim i sitt innlegg i Aftenposten.

Nina Karin Monsen seier til NRK at ho ikkje vil uttala seg om kritikken på noverande tidspunkt, men at ho kjem med eit eige debattinnlegg i Bergens Tidende i løpet av veka.

Var meint for Facebook

Innlegget fekk begeret til å renna over for Grindheim, og ho publiserte sine tankar på si eiga Facebook-side.

– Det var berre meint for Facebook-sida mi, men då mange sa at eg burde sende det inn til Aftenposten, så gjorde eg det. Og dei trykte det, seier Grindheim.

No har fleire titals-tusen lest innlegget og fleire tusen har delt det.

Isabel Jensen Grindheim

NY DEBATT: Isabel Jensen Grindheim seier at det kan vera at ho blandar seg inn i offentlege debattar i framtida også, etter dei gode tilbakemeldingane ho har fått denne veka.

Foto: Privat

– Eg har fått ekstremt mange gode tilbakemeldingar. Og på Twitter, der eg vanlegvis berre får eitt varsel i halvåret, fekk eg over 40 på under ein time, seier ho.

Grindheim er frå Svelgen, men er for tida busett i Bergen. Der er ho lærar og no er det ti år sidan ho «kom ut av skapet».

– Sjølv om eg er frå ein liten plass der alle kjenner alle har eg berre fått positive tilbakemeldingar. Det er eg veldig glad for, seier Grindheim.

Heilt sidan ho fortalde andre at ho var homofil har legningen hennar vore ein offentleg debatt, med diskusjonar om ekteskap og retten til å få barn. Det har til tider vore vanskeleg.

– Det er gangar eg har hatt lyst til å skrike, til dømes når folk seier at homofili er eit val ein gjer. Men det har blitt betre med åra og eg håpar heile debatten om kva legning folk har er vekke om nokre år, avsluttar ho.