NRK Meny
Normal

– Lite truverdig forfattarskap

– Knut Høibraaten må døypast om til Knut Vonbroten. Norges mest kjende fotballagent, Rune Hauge, har knapt høyrt om forfattaren som set fram korrupsjonsskuldingane mot fotballpresident Yngve Hallén.

Rune Hauge

IKKJE TRUVERDIG: Rune Hauge er ikkje imponert over innhaldet i boka om fotballagentlivet frå ein fotballagent han knapt har høyrt om.

Foto: Anders Engeland / NRK

– Dette er heilt fantastisk! Er det nokon som trur på dette? spør fotballagent Rune Hauge etter at han er ferdig å le – lenge – etter at NRK.no har sagt kvifor vi ringer og forklart korrupsjonsskuldingane mot fotballpresident Yngve Hallén.

Ikkje lagt merke til Høibraaten

Rune Hauge er den mest kjende norske fotballagenten, og har stått bak fleire kjende fotballspelarar sine overgangar – frå Morten Gamst Pedersen sin overgang til Rosenborg, og ikkje minst Rio Ferdinand sin overgang frå West Ham til Leeds i 2000.

– Eg har ikkje noko kjennskap til Knut Høibraaten. Eg har vel vore fotballagent sidan tidleg på 80-talet men eg har aldri sett at han har vore involvert i noko fotballovergang. Men han har ikkje blitt lagt merke til i marknaden. Ikkje av meg i alle fall, seier Rune Hauge.

–Så du kjem ikkje på nokon fotballovergang han har stått for?

– Nei.

Knut Høibraaten

STERKE SKULDINGAR: Forfattar og tidlegare fotballagent Knut Høibraaten.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det får stå for Hauge si rekning at han ikkje har høyrt om meg, eg har i alle fall høyrt om han, seier Knut Høibraaten.

– Noko av det første eg skriv i boka er også at ikkje har vore blant dei store agentane i Norge, men at eg likevel har stått for fleire overgangar, blant anna til og frå Sogndal.

Høibraaten nemner blant anna overgangen til Kenneth Udjus frå Brann til Sogndal og Piotr Leciejewski frå Sogndal til Brann.

Trur ikkje på skuldingane

Det er i boka "Fotballagenten – Røverhistorier frå Fotball-Norge" av Knut Høibraaten som vert lansert i dag at skuldingane mot Yngve Hallén kjem. Hallén vert skulda for å ha motteke 40 000 kroner under bordet for å signere overgangen til keeperen Piotr Leciejewski. Men det trur ikkje Hauge på.

– At Yngve Hallén skulle gjere seg til kjeltring for slike små summar, ein så oppegåande kar, det har eg absolutt ikkje tru på.

– Det stiller også eg spørsmål ved, så der er eg og Hauge samde, seier Høibraaten.

Hauge har heller ikkje tru på måten den polske agenten har kontakta forfattaren på.

– Det høyrest ikkje mogeleg og truverdig ut i norske forhold. Det har eg ikkje noko tru på, seier Hauge.

Lite truverdig forfattar

Hauge meiner forfattaren bak boka sit att med lite truverd.

– Ein som gjerne vil vere agent, men som ikkje har oppnådd noko som agent og så skrive ei bok om agentyrket er jo rart. Men på ein eller annan måte må ein tene til livets opphald. Det verkar dårleg og berre ute etter PR for eiga vinning. Eg kan ikkje sjå det på anna måte.

– Eg har no trass alt hatt det som levebrød i fleire år, sjølv om eg ikkje har vore blant dei store, seier Høibraaten.

– Men kvifor har du ikkje latt Yngve Hallèn kommentere påstandane du kjem med i boka di?

– Denne boka er mi historie, basert på mine opplevingar og eg har ikkje intervjua nokon i boka.

– Hallèn har kontakta advokat og krev at du trekker korrupsjonspåstandane?

– Slike spørsmål handterer Kagge Forlag, seier Høibraaten.

Hauge har problem med å ta kritikken og boka på alvor. Han fryktar ikkje at den skal skade fotballens renommé.

– Eg ser ikkje på han som ein fotballagent. Han er jo ikkje involvert i noko.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy