Forundra over det Røe Isaksen ikkje sa noko om

Det var underleg at kunnskapsministeren ikkje sa noko om finansiering då han i føremiddag snakka om framtida til høgare utdanning, seier Heidi-Katrin Osland.

Heidi- Kathrin Osland

INSPIRERT, MEN LITT FORUNDRA: Styreleiar Heidi-Katrin Osland i HiSF sakna noko om finansiering.

Foto: Vidar Gudvangen

Styreleiaren i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) fylgde pressekonferansen til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen saman med tilsette og studentar. Og dei sakna nokre ord om korleis høgskulane og universiteta skal finansierast.

– Eg vart forundra over at det ikkje vart nemnt. Det kan ikkje ha vore ei forgløyming heller, for han hadde ikkje noko om det på lysbileta han viste. Dette er noko av det første vi vil sjå etter når vi opnar stortingsmeldinga.

– Lite nytt

Stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning kjem fredag, og kunnskapsministeren presenterte i dag hovudpunkta i denne meldinga. Og for leiinga av HiSF var det lite eller ingenting av det han sa som var nytt, seier Osland.

– Vi fylgde pressekonferansen ein heil gjeng frå høgskulen, og vi var samde om at det var lite nytt. Alle kriteria han nemnde er slikt vi har snakka om før, og dette er ei vidareføring av dei.

– Det blir stilt nokre krav m.a. når det gjeld kor stor del av dei tilsette som skal ha doktorgrad. Blir det vanskeleg å oppfylle?

– Han var ikkje detaljert på kva kravet vil bestå i. Vi veit at det kravet vil kome, og vi er positive til at det blir stilt krav til dei tilsette. Vi trur dei tilsette vil sjå det som ei spennande utfordring.

– Usikker på kva han meinte

På pressekoneransen sa Røe Isaksen at han er nøgd med at 14 utdanningsinstitusjonar no er samde om at dei skal slå seg saman til fem. Han nemnde særleg Vestlandet som eit område der prosessen enno ikkje er fullført.

På dette punktet er Heidi-Katrin Osland usikker på kva kunnskapsministeren meiner.

– Eg trur at det ligg ei forventning om at vi skal oppfylle dei krava dei stiller, og at dei som ikkje oppfyller desse krava ikkje får halde fram som sjølvstendige institusjonar.

– Eg trur vi går ei spennande tid i møte, eg trur at vi vil vise handlekraft. Vi synest dette er ei inspirerande stortingsmelding som vi kjem til å hive oss over og gjere så godt vi kan for å oppfylle kriteria.

Tollak Kaldheim og Ingrid Moe Albrigtsen

SPENTE PÅ MELDINGA: Leiar Tollak Mikal Kaldheim i Studentparlamentet og høgskulestyremedlem Ingrid Moe Albrigtsen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Fryktar stortingsmeldinga

Studentparlamentet ved HiSF skreiv i ei pressemelding før dagens pressekoneranse at dei var redd for at det kom fram veldig lite konkret frå Røe Isaksen i dag, og at dei fryktar at det i stortingsmeldinga som kjem fredag vil vere krav som er «designa» for at høgskulen skal verte tvinga inn i ein «friviljug» fusjon.

Det at det kom fram lite konkret frå Røe Isaksen i dag fekk leiar Tollak Mikal Kaldheim stadfesta då han fylgde orienteringa til kunnskapsministeren.

– Vi veit at dei ville fusjonere oss, og no blir Høgskulen i Sogn og Fjordane saman med nokre få andre høgskular unnataket i Norge. Det trur eg ikkje regjeringa ynskjer, difor trur eg dei vil prøve å slå beina under oss, så det blir spennande å sjå.

Etter pressekonferansen seier Kaldheim at han saknar fokus på lærarutdanninga og kva krav som blir stilt til den.

– I tillegg vart det ikkje sagt noko om ny finansieringsmodell. Dette er ting vi har høyrt tidlegare kan by på problem, difor hadde det vore kjekt å få vite noko om det før sjølve meldinga kjem fredag.

– Ein høgskule for framtida

Ingrid Moe Albrigtsen, som representerer studentane i HiSF-styret, konstaterte at Røe Isaksen ikkje kom med nokon overraskingar.

– Det var som venta, og vi hadde venta meir gladmelding frå kunnskapsministeren om dei fusjonane som er avtalte alt. Dei kriteria som er lagt fram er som venta. Det positive er at regjeringa faktisk set fokus på kvalitet.

Kaldheim seier at han har veldig tru på Høgskulen i Sogn og Fjordane i framtida.

– Det er ein skule som har levert ekstremt gode resultat, og søkjartalet har dobla seg, trur eg, sidan 2008. Eg er overtydd om at vi er ein høgskule for framtida, og så får vi sjå kva organisering det blir. Men det blir definitivt meir kamp framover.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.