Hopp til innhold

– Lindetrea er absolutt ikkje farlege for humlene

Det er ingen grunn til bekymring over dei mange døde humlene under lindetre, meiner ein humleforskar. Ikkje så enkelt, seier ein annan.

Død humle i Lærdal

NATURLEG DØD? Det har ei naturleg forklaring at så mange humler ligg døde under lindetrea. Og det er ikkje treet si skuld, fortel forskaren.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Humlene har levd gjennom eit ragnarok av prøvingar gjennom millionar av år. Dei er ikkje så dumme at dei drikk giftig nektar. Tvert om er nektaren som eit siste måltid for dei, fordi humlesamfunna byrjar å døy på det tidspunktet lindetreet blomstrar, seier Tor Bollingmo, biolog, forfattar og humleentusiast.

NRK publiserte torsdag ein artikkel om massevis av døde humler under parklindetrea i Lærdal. Kvart år på denne tida dukkar det opp under parklind og andre lindetre i norske byar og tettstader.

Biologen viser frem humlebolet

HUMLEFORSKAR: Tor Bollingmo er biolog og forfattar.

Foto: Morten Andersen

Bollingmo har forska på kvifor dette skjer, samt gått gjennom anna ny forsking på fenomenet, og avdramatiserer det heile.

Men Frode Ødegaard, førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet, seier at det ikkje er så enkelt.

«Det siste måltid»

Det er eit kjent fenomen som strekk seg langt tilbake i tid: at det på denne tida av året ligg masse døde humler under parklind og andre lindetretypar. Men forskarane har ikkje vore sikre på kvifor. I 2017 skreiv Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ein rapport der delte hypotesane inn i fire kategoriar.

  • at humlene døyr av naturlege årsaker
  • at humlene svelt i hel fordi lindetrea er tomme for nektar
  • at lindetrea er giftig for humlene
  • at humledøden skuldast menneskeleg aktivitet
Humledød Lærdal

SYNLEG PÅ ASFALTEN: Bollingmo fortel at ein av årsakene til at teoriane om parklinda, er at trea ofte står ved asfalt eller grus. Då blir humlene mykje meir synlege enn om dei hadde døydd på ei blomstereng.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei skreiv at det er usannsynleg at nektaren er giftige for humler, men utover det at det ikkje fanst nok kunnskap til å stadfesta eller avkrefta årsaka til humledøden.

Då reiser spørsmålet seg: kvifor er det akkurat under desse trea det er så mange døde humler?

– I løpet av dei neste par månadane vil norske humler døy i milliardtal. Det har med humla sin årssyklus å gjera, og det er nok difor folk ser så mange døde humler no. Det er heilt naturleg, seier Bollingmo.

Insekta i verda er truga, og i ein rapport som kom tidlegare i år står det at insekta står i fare for å bli utrydda. Bli med i vår biesommarkonkurranse og redd insekta

Biesommer logo

REDD INSEKTA: Bli med i NRK sin biesommarkonkurranse.

Nesten alle dør

– Eit blomstrande lindetre er nesten som ei blomstereng stabla i høgda. Demed blir det relativt mange humler per kvadratmeter. Då er det naturleg at me ser mange humler på bakken, spesielt om det er asfalt eller grus der, fortel Bollingmo.

Årssyklusen til humlene er slik at det berre er dei unge dronningane som overlev vinteren. På våren legg ho egg, og ganske raskt blir nye humlesamfunn bygd opp i mai, juni og juli. Humleåret kulminerer med at det blir produsert unge hannar og dronningar på slutten av sesongen.

– Og så dør alle, utanom dei unge dronningane. Då er det heilt naturleg at ein ser mange døde humler no, seier Bollingmo.

Humle på Parklind, Lærdal

SISTE MÅLTID: Denne humla drikk nektar frå ei parklind i Lærdal. Snart skal den døy av naturlege årsaker.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Så kan me heller ikkje koma utanom fuglane si matlyst. Då Bollingmo undersøkte mange døde humler funne ved lindetre i Trondheim somrane 2014 og 2016, såg han at nesten 90 prosent av humlene var ete på av meis. Ei sløv humle på enden av livet er eit lett bytte for svoltne småfuglar.

– Meir komplisert enn det

– At det er slutten av livssyklusen deira, og at mange er samla på same stad når dei dør naturleg, kan nok forklara litt. Men det forklarar ikkje alt, seier Frode Ødegaard. Han er førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Insektforsker Frode Ødegaard

KOMPLISERT: Frode Ødegaard starta intervjuet med å seia at «det er ganske komplisert».

Foto: Arnstein Staverlokk / Norsk institutt for naturforskning

Giftteorien er at det er eit stoff som heiter mannose i nektaren. Stoffet er giftig for humler, men den teorien er avkrefta. Likevel vil han ikkje utelukka at det kan vera stoff i nektaren som ikkje er bra for humla.

– Det finst forsking som tyder på at det kan vera koffein i nektaren, eller at nektaren gjerar slik at dei blir rusa.

At det er fuglane som jaktar dei ned er også vanskeleg å slå fast. Ødegaard seier det er vanskeleg å vita om det er fuglane som drep humlene, eller om humlene blir etne etter dei er døde.

Han meiner den mest trulege teorien er at humlene svelt i hel.

– Trea er tomme for nektar, men dei lokkar likevel til seg humlene med lukt. Då svelt humlene i hel når dei ikkje finn mat der, seier han, før han avsluttar:

– Det er heilt sikkert fleire forklaringar. Men det er ikkje mannose i nektaren. Det veit me sikkert.