Hopp til innhold

– Lege var det einaste yrket eg kunne tenke meg

FØRDE (NRK): Før vart legeyrket gjerne assosiert med menn i kvite frakkar, men no er kvinnene i ferd med å ta kontroll over stetoskopet. Over halvparten av legane er no kvinner.

Sangeetha Jeyabalasingam Prasath er nytilsett lege ved Helse Førde. Ho er ei av mange kvinner som har studert medisin, og som er i ferd med å danke ut karane. Men framleis er det flest menn som blir leiarar og professorar.

EIN AV MANGE: Sangeetha Jeyabalasingam Prasath frå Florø er turnuslege på sentralsjukehuset i Førde.

– Lege var det einaste yrket eg kunne tenke meg. Eg opplever ei uavgrensa glede av å hjelpe menneske som er sjuke, seier Sangeetha Jeyabalasingam Prasath.

Sangeetha Jeyabalasingam Prasath

TURNUSLEGE: Sangeetha Jeyabalasingam Prasath (33).

Foto: Sigrid S.Botheim / NRK

33 år gamle Prasath starta arbeidet som turnuslege ved Helse Førde no i mars. Ho vaks opp i Florø og har røter frå Sri Lanka. Prasath er i ei stadig veksande gruppe: dei unge kvinnene i kvite legefrakkar.

I eit yrke som før var mannsdominert viser tal frå Legeforeningen at 50,5 % av alle norske legar under 67 år no er kvinner.

Pendelen har snudd

Ved opptaka til medisinutdanningar hausten 2015 og 2016 var 71 % kvinner. Tidene var annleis då den no pensjonerte Bjørg Ladehaug byrja si utdanning i 1963.

– Då eg studerte var 25 av dei 125 elevane kvinner, men eg kan ikkje hugse å ha støtt på nokre store utfordringar med det å vere kvinne, seier Ladehaug.

Bjørg Ladehaug

PENSJONERT OVERLEGE: Bjørg Ladehaug. Biletet er frå 2011 då ho arbeidde ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Asgeir Reksnes

Då ho byrja å jobbe som lege i 1970 var 12 % av alle yrkesaktive legar kvinner. Sjølv om Ladehaug var i mindretal, vart ho godt behandla av dei mannlege kollegaene sine.

– Eg har aldri hatt problem med det å vere kvinne der det stort sett har vore menn. Eg har hatt like moglegheiter som mine mannlege kollegaer. Men eg veit det er nokre kvinnelege kollegaer som har følt det annleis, seier Ladehaug.

Får respekt

– Det var overlegar på avdelingar som sa at dei ikkje ville ha kvinner, men eg merka ikkje nokon problem. Gjer du ein god jobb får du respekt, seier Ladehaug.

Sangeetha Jeyabalasingam Prasath

FØRDE SENTRALSJUKEHUS: Sangeetha Jeyabalasingam Prasath i korridoren.

Foto: Sigrid S.Botheim

Trass i at det no er flest kvinner som studerer medisin, er det framleis flest menn som vert overlegar, professorar og kirurgar. Den unge legen Sangeetha Jeyabalasingam Prasath har ei klar utfordring til medsøstrene sine:

– Vi må stå på i jobben og ikkje gje oss før det er likestilling også i toppstillingane. Den einaste store forskjellen er at kvinner vert gravide og menn er litt meir fysisk sterke, seier Prasath.

Likestilling også for menn

– Nokre føretrekker kvinnelege legar og andre føretrekker mannlege legar. Dersom vi får for mange kvinnelege legar blir ikkje pasientane fornøgde, seier Prasath.

Den pensjonerte legen som vandra i dei mannsdominerte sjukehuskorridorane på 70-talet har også tankar kring likestillinga.

Viser fram utstyr

TIL DAGLEG BRUK: Vanleg utstyr på sjukehuset.

Foto: Sigrid S.Botheim / NRK

– Det er ein fordel med blanding av kjønn. Det bør vere omtrent like mange av kvar. Eg har eigentleg aldri vore for kvotering, men det bør kanskje gjerast tiltak dersom det vert for mange kvinnelege legar.